Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig fast stilling for lege i spesialisering, LIS 3, i Barne- og ungdomspsykiatri. 

Klinikk psykisk helsevern for barn og unge har fleire poliklinikkar og sengepostar. Klinikken har god fagleg bemanning og arbeider etter kunnskapsbaserte metodar. Framover har klinikken stort fokus på samhandling med kommunar samt kvalitetssikring, innovasjon og forsking.

Vi tilbyr spesialistutdanning som dekker heile utdanningsløpet i barne- og
ungdomspsykiatri,
ein viser for øvrig til utdanningsplan. Etter fullført spesialisering vil
stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist 

Arbeidsoppgåver

  • Vedkommande som blir tilsett skal delta i utgreiing, diagnostisering og behandling av psykisk sjuke pasientar i alderen 0-18 år
  • Den som blir tilsett må ha gode samarbeidsevner og delta i tverrfagleg arbeid. Ein må kunne kommunisere og samhandle godt med foreldre og barnets nettverk
  • LIS tenesta vil bli tilrettelagt jfr ny forskrift med aktuelle læringsmål

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS 3 -stilling i barne- og ungdomspsykiatri
  • Søkar må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsferdigheiter
  • Du må trivast med å arbeide med barn og unge med psykiske utfordringar og deira føresette
  • Du må trivast i eit aktivt og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Du må vere open for nye utfordringar og vere engasjert
  • Du må ha evne til både å arbeide sjølvstendig og i tverrfagleg team
  • Du må vere opptatt av og bidra til eit positivt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Overlege som rettleiar
  • Gode pensjons- og forsikringsordninger
  • Tilrettelegg for alle tenester som er nødvendig innan spesialisering i barne- og ungdomspsykiatri
  • Rekrutteringstillegg

 

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Bente Monstad
Tittel: ass.klinikkdirektør
Telefon: +47 55 97 44 51
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillingen