Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Onkolog i Førde!

Kreftavdelinga, Førde sentralsjukehus har ledig 100% fast stilling som overlege innan onkologi.

Avdelinga er organisert under Medisinsk klinikk og består av sengepost på 13 senger fordelt på onkologi, hematologi, palliasjon, samt poliklinikk.
Avdelinga har ansvar for store deler av medikamentelt retta behandling til den vaksne befolkinga i Sogn og Fjordane med ca. 110.000 innbyggjarar.

Vi har i dag 7 overlegestillingar; tre onkologar, tre hematologar og ein overlege innan palliasjon, samt 5 legar i spesialisering.

Stillinga er knytt til 6-delt vaktordning: kl. 16:00 - 19:00 på kvardagar, og kl. 09:00 - 14:00 på helge- og høgtidsdagar. 

Helsetenesta ved sjukehuset er i ei spennande utvikling med flytting av somatikk til nybygg hausten 2024, og endring av sengeplassar. Ved kreftavdelinga ser ein store endringar i kreftutvilkling og behandlingar. Dette gjev oss utfordringar, men også moglegheiter til å arbeide med gode pasientforløp.

Avdelinga har svært høg aktivitet, spesielt aukar poliklinisk aktivitet.

Arbeidsoppgåver

  • Medisinsk onkologisk behandling og oppfølgjng av kreftpasientar
  • Rettleiing, supervisjon og undervisning
  • Utføre tilsyn ved henvisningar internt på sjukehuset
  • Rullering sengepost - poliklinikk
  • Deltaking i kliniske behandlingstudiar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Godkjent spesialist i onkologi, eller at slik godkjenning vil føreligge i 2024
  • Beherske norsk godt både munnleg og skriftleg for god og forsvarlig yrkesutøving
  • God fagleg vurderingsevne, og arbeide målretta og strukturert 

Personlege eigenskapar

  • Er ein positiv bidragsytar til godt, fagleg og kollegialt miljø
  • Har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Møter mennesker i krise profesjonelt, respektfullt og empatisk
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt 

Vi tilbyr

  • Eit aktivt, fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø, som gir moglegheit til fagleg og personleg utvikling
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktpersoner
Navn: Ingunn Solheim Terøy
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 578 39 201
Navn: Jaroslav Bublevic
Tittel: Medisinskfagleg rådgjevar
Telefon: 578 31 314
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Kreftavdelinga, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Søk på stillingen