Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Da to av våre LIS skal i gruppe 1 teneste har vi ledig to vikariat ved ØNH-avdelinga ved Haugesund sjukehus. Vikariatet blir i fyrste omgang 6 månader, men det kan bli moglegheit for forlenging. Den eine stillingen er ledig frå 01.03.24 og den andre er ledig frå 17.06.24.

ØNH-avdelinga er organisert som ein avdeling i kirurgisk klinikk med eigen poliklinikk, høyresentral, operasjons- og oppvåkningseining. Avdelinga er godkjend som gruppe II-utdanningsavdeling i ØNH-sjukdommar.

Ved ØNH-avdelinga er vi 10 legar: 5 spesialistar og 5 under utdanning.

Arbeidsoppgåver

  • LiS / legespesialist går i 5-delt heimevakt og har allsidige arbeidsoppgåver. 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege.
  • Relevant erfaring vil ha stor vekt, men opplæring vil bli gitt
  • Må meistre norsk språk skriftleg og munnleg på høgt nivå

Personlege eigenskapar

  • Du er fleksibel og liker variasjon, er god på samarbeid, har god arbeidsmoral, ståpåvilje og er ansvarsbevisst
  • Du er løysingsorientert, og liker å arbeida i eit tverrfagleg/fleirfagleg miljø med høgt tempo og med entusiastiske og fagleg dugelege kollegaer
  • Du er engasjert og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Strukturert, grundig og sjølvstendig

Vi tilbyr

  • Arbeids- og lønnsvilkår etter gjeldande overeinskomst.
  • Høgt fagleg nivå og triveleg arbeidsmiljø.

 

Mangfaldserklæring 

Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. 

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktperson
Navn: Thomas Risanger
Tittel: Avdelingsleiar
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Øre-nese-hals avdeling, Helse Fonna HF
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Søk på stillingen