Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, Kirurgisk klinikk, Avdeling for karkirurgi har ledig stilling som LIS.

Vi har ledig LIS-stilling i karkirurgi. Denne stillinga er eit vikariat frå 04.03. til 31.08.2024 med mogleg forlenging. Vikariatet kan telle som del av spesialistutdanninga.

Spennande moglegheit innan kirurgi, der vi tilbyr heile spekteret for Lis 2 (felles kirurgiske læremål) og Lis 3 (innan karkirurgi). 

Arbeidet på Karkirurgisk avdeling for Lis inkluderer mellom anna (individuelt tilpassa kompetansenivå);

-  Sentral rolle i akutt mottak av multitraumatiserte pasientar saman med traumevakt
-  Deltaking på operativ verksemd (aorta-aneurismer, stenoser i kar, varicebehandling etc), herunder både opne og endovaskulære prosedyrar
-  Fokus på gjennomføring av hhv LIS 2- eller LIS 3-læringsmål
-  Moglegheit for deltaking i forsking
-  Opplæring i ultralyd og tolking av arterielle trykkmålingar
-  Fokus på deltaking på kurs og kongressar
-  Tettare oppfølging i ein mindre kirurgisk avdeling (6 overlegar og 6 Lis)
-  Vakter i eige karkirurgisk vaktsjikt med lite natt- og helgebelastning, men samtidig moglegheit for eksponering for alle kirurgiske fag
-  Bli ein del av eit godt miljø

Karkirurgisk avdeling diagnostiserer og behandler dei fleste karkirurgiske tilstandar, som open og endovaskulær operasjon for aneurismer, carotiskirurgi, perifer karkirurgi og aksesskirurgi. Det er godt samarbeid med intervensjonsradiologisk miljø. Det er omfattande poliklinisk og dagkirurgisk aktivitet, med eiget sirkulasjonslaboratorium. Avdelinga er i ferd med å gjenoppbygge eit forskingsmiljø og har for tida ein PhD-kandidat og tre doktorgrader. Ein forventar deltaking i undervisning/introduksjon av medisinske studentar.  

Det er 6 avdelinger i Kirurgisk klinikk:

Avdeling for karkirurgi
Avdeling for bryst- og endokrinkirurgi
Avdeling for gastrokirurgi
Avdeling for plastikkirurgi og brannskade
Avdeling for urologi
Traumesenteret

For alle stillingar hos oss, gjeld følgande:
Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere norsk kunnskap, både skriftleg og munnleg. Vedkommande som får tilbod om tilsetting, må legge fram godkjend politiattest (vandel) jf. Lov om helsepersonell § 20a, før tilsettingsforholdet startar.

Ønsker ikkje kontakt med rekrutteringsbyrå eller annonseselgarar. Søknadar utenom Webcruiter vil ikkje bli behandla.  

Arbeidsoppgåver

  • Utføre oppgåver som til ein kvar tid tilfaller avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS-stilling i karkirurgi
  • Søkar må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg
  • Relevant erfaring frå sjukehus, og med dei oppgåver som fell innanfor vårt arbeidsområde

Personlege eigenskapar

  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du er punktleg og påliteleg
  • Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønsker å vidareutvikle kompetansen din
  • Du arbeider målretta og tåler å stå i krevande situasjonar
  • Du viser fagleg tryggleik, tillit og respekt
  • Du beheld roen og klarer å prioritere i stressande situasjonar
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du er ansvarsbevisst og pasientorientert
  • Du er etterretteleg

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Tilrettelegging av utdanning til karkirurgisk spesialitet
  • Høgt fagleg nivå med moglegheiter for forsking
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Espen Tyse Gubberud
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 97624606
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Kirurgisk klinikk, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5009 Bergen
Søk på stillingen