Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Er du psykiater eller snart ferdig med spesialiseringa og ser etter nye utfordringar? Vi har ledig 2 faste stillingar for overlege i psykiatri ved Ambulante tenester akutt og ACT Ålesund. Stillingane er knytt til Akutt heimebehandlingsteam (AHT). Ledig frå snarast/startdato kan avtalast.

Avdeling for distriktspsykiatrisk senter Sunnmøre er ei av seks avdelingar i Klinikk for psykisk helse og rus. Avdelinga tilbyr desentraliserte tilgjengelege og samanhengande spesialisthelsetenester.

I samarbeid med kommunane på Sunnmøre, som er opptaksområdet for vår avdeling, vil vi arbeide for at menneske med psykiske lidingar skal kunne leve eit mest mogleg normalt liv, prega av deltaking, uavhengigheit og evne til å meistre eige liv. Dette inneber tilgjengelege tenester for befolkninga og stor grad av brukarmedverknad. I avdelinga er det eit tett samarbeid mellom seksjonane, med høve til fagleg utvikling og variert klinisk arbeid for medarbeidarane. Ambulante tenester akutt og ACT Ålesund er delt i to team, eit akutteam og eit ACT team. Begge teama tilbyr utgreiing, diagnostisering og behandling i pasienten sitt heimemiljø.

AHT er ein del av spesialisthelsetenesta sitt akuttpsykiatrisk tilbod for vaksne. Teamet er lokalisert på Ålesund sjukehus. AHT er tverrprofesjonelt sett saman av spesialist(ar) i psykiatri, psykologspesialist, sjukepleiarar og sosionomar med vidareutdanning og  ein merkantil ressurs. AHT er eit frivillig behandlingstilbod der heimebehandling kan vere eit alternativ til akuttinnleggelse i psykiatrisk døgnavdeling. Brukarperspektivet står sterkt når ein får behandle pasientar i heimemiljøet. Ettersom psykiske kriser kan oppstå som følge av ein kombinasjon av medisinske, sosiale og miljømessige faktorar, får ein god oversikt over dette når ein behandlar pasienten i heimen. AHT skal vurdere pasienten innen fire timar etter mottatt henvisning.

Vi gir tilbod til pasientar med til dømes psykoselidingar, angst, depresjon, traume- og personlegdomsproblematikk.

Pasientane vert søkt inn frå fastlegar, legevakt, kommunale tenester eller overført frå andre seksjonar i klinikken. Vi har ei tverrfagleg tilnærming i behandlinga i samarbeid med pasienten.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omegn her! 

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av menneske med psykiske lidingar og rusavhengigheit
  • Samhandling og tverrfagleg samarbeid med kommunale tenester, fastlegar og pårørande
  • Deltaking i kvalitetsforbetringsarbeid
  • Deltaking i bakvaktordning

Kvalifikasjonar

  • Overlege i psykiatri med norsk autorisasjon
  • Erfaring frå arbeid innan vaksenpsykiatri, gjerne ambulant, men det er ikkje ein føresetnad
  • Meistre norsk både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Nytenkjande og endringsorientert
  • Gode kommunikasjonsevner både med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar
  • Evne til å jobbe både sjølvstendig og i team
  • Har ei fleksibel haldning
  • Lagspelar
  • Evne til å arbeide på tvers av ulike fagmiljø
  • Evne til å tåle stress og stå i krevande situasjonar
  • Personleg eignaheit vert vektlagd

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar, tenestebevis og vitnemål vert lasta opp og lagt ved søknaden.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Åse Helene Gjærde
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: +47 70 10 65 33
E-post: ase.helene.gjerde@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Ambulante tenester psykisk helse DPS Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Søk på stillingen