Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Søkjer du ein enklare kvardag med nærleik til frisk luft og fjell? Men samstundes ynskje om å arbeide i eit spanande og utfordrande sjukehusmiljø?
Velkomen til Voss!

Om stillinga: Voss sjukehus, Helse Bergen har ledig vikariat som LIS3 i fødselshjelp og kvinnesjukdomar frå 01.03.2024, eller etter avtale. Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga. 

Om avdelinga: I avdelinga møter du eit ungt fastbuande overlegekollegium med 5 overlegar som alle har fått si spesialistutdanning i Helse Bergen. Voss sjukehus har utdanningsansvarleg overlege, og avdelinga har strukturert LIS-2/3 utdanning etter den nye ordninga. Stillinga inngår i vaktordning for tida med ei døgnvakt i veka med heimevakt på kveld/natt.

Det blir født kring 450 born i året på Voss. Ved sida av å sjå til at alt går fint for seg med dei, gjennomfører vi kring 3000 polikliniske konsultasjonar og 300 operasjonar, der vi utfører dei fleste inngrep innanfor benign gynekologi.

Vi søkjer etter deg som kan sjå for deg ei framtid på Voss sjukehus og som blir motivert av tanken på å opparbeida deg brei erfaring innanfor generelle gynekologiske problemstillingar i poliklinikken og på operasjonsstova og samstundes beherska fødselshjelp godt og trivast med vaktarbeid på fødegangen. Med eit ungt kollegie, har vi stor fokus på faglig utvikling og vi ventar at du har det samme.

Om Voss sjukehus: Voss sjukehus er ein del av Helse Bergen HF og har tett fagleg samarbeid med avdelingane ved Haukeland universitetssjukehus. Sjukehuset har gode støttetenester innanfor anestesi, intensiv/rec., radiologi med CT- og MR lab., fysioterapiavdeling og laboratorium med blodbank.Voss sjukehus har akuttberedskap innan ortopedi, kirurgi, indremedisin, føde, gynekologi og anestesi. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar, fordelt på seks kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar frå Sogn og frå Hardanger.

Voss har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og - aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjend gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Nord-Europas mest moderne gondolbane ligg nokre steinkast frå sjukehuset, og ein flott golfbane. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.

Arbeidsoppgåver

  • Poliklinikk
  • Visittgang/ postarbeid
  • Operere/ assistere på operasjonsstova
  • Fødselshjelp og oppfølging av nyfødde
  • Du deltar for tida i 7-delt vaktplan
  • Den som blir tilsett som LIS vil få ein personleg rettleiar og tar del i det regulære utdanningsprogrammet i avdelinga
  • Forholda blir lagt til rette for deltaking i undervisning og kurs

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing som LIS 3 i fødselshjelp og kvinnesjukdomar
  • Den som blir tilsett må meistre norsk språk, både skriftleg og munnleg
  • God skriftleg dokumentasjonsevne
  • Det blir lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring

Personlege eigenskapar

  • Du har interesse og motivasjon for fagfeltet
  • Du kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor pasientar og andre samarbeidspartnarar
  • Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta på jobb
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper
  • Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende. Kan delegere og følgje opp delegerte oppgåver

Vi tilbyr

  • Med mange overlegar ift LIS, vil du få tett oppfølging og raskt kunne læra deg kirurgiske ferdigheiter
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst mellom Helse Bergen og Dnlf
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Voss sjukehus vil kunne hjelpe til med passande bustad

Mangfaldserklæring
Vi ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktpersoner
Navn: Birte Toft Haugland
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 56533500
Navn: Heidi Fagerli
Tittel: Overlege
Telefon: 56533500
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Voss sjukehus, Helse Bergen
Sjukehusvegen 16
5704 Voss