Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Barne- og ungdomsklinikken (BUK) søker etter overlege i 100% fast stilling ved seksjon for nefrologi og revmatologi.

Barne- og ungdomsklinikken (BUK) er landets nest største barneavdeling, regionsjukehus på Vestlandet og førande i behandling av barnesjukdommar. Vi skal dekke lokale, regionale og enkelte nasjonale behov for spesialisthelsetenester for barn og unge inntil fylte 18 år, og er lokalisert i Glasblokkene ved Haukeland universitetssjukehus.
Hausten 2023 samla vi all utgreiing, behandling og oppfølging av barn innan somatikk og psykisk helsevern og flytta saman i Glasblokkene. Dette vil gje nye og spennande moglegheiter for framtida. Vi har eit kontinuerleg fokus på utvikling, samhandling og forbetring.

BUK har 67 senger fordelt på fem seksjonar: Nyføddintensiv, Medisin A, Medisin B, Medisin C og Barnekirurgi. I tillegg har vi Seksjon for legar, Seksjon for merkantile tenester, Energisenteret, Habiliteringstenesta og Stab. I 2023 hadde vi totalt 350 årsverk, om lag 4 000 innleggingar og 33 000 polikliniske konsultasjonar.

Vi har ledig 100% fast stilling som overlege ved Barne- og ungdomsklinikken, Haukeland
universitetssjukehus, tilknytta Seksjon for nyresjukdom og revmatologi. Vi søker spesielt etter ein overlege med barnerevmatologi kompetanse som saman med dei øvrige legane ved seksjonen  skal bidra til at
Barne- og ungdomsklinikken i Bergen tilbyr barn diagnostikk og behandling av
internasjonal standard. Den som blir tilsett må kunne arbeide sjølvstendig ved
seksjonens poliklinikk og sengepost. Klinikken har regionalt ansvar innen både nyresjukdom og revmatologi for barn og unge. Seksjonen har i dag 5 overleger i ulik stillings prosent og med ulik kompetanseprofil.    

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid i poliklinikk og sengepost med dagpospasienter innan nyresjukdom og revmatologi.
  • Det forutset deltaking i vakt i henhald til kompetanse og klinikkens behov
  • Du vil vere delaktig i undervisning og rettleiing av legar, studentar og andre personellgrupper

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Godkjend spesialist i barnesjukdommar med fordjuping innen nyresjukdommar og revmatologi for barn og unge
  • Det blir lagt vekt på klinisk erfaring
  • Forskarerfaring vil bli vektlagt
  • Bakvaktskompetanse
  • Gode samarbeidferdigheiter og ønske om å vere del av eit tverrfagleg team
  • Søkar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg eller eit anna skandinavisk språk
  • God evne til skriftleg dokumentasjon
  • Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram godkjend politiattest (vandel), jf. Lov om helsepersonell §20a

Personlege eigenskapar

  • Du må kunne arbeide sjølvstendig
  • Du må ha gode samhandlingsevner og må kunne kommunisere med barn og foreldre på ein god måte
  • Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta på jobb
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper og samarbeidspartnarar
  • Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende
  • Du har eit godt lag med folk

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod


Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.  

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Karin Birgitta Tylleskar
Tittel: Klinikkoverlege
Telefon: 55975246
E-post: karin.birgitta.tylleskar@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Barne- og ungdomsklinikken / Leger, Helse Bergen
Jonas Lies vei 79
5053 BERGEN