Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Barne- og ungdomsklinikken (BUK) søker etter overlege, i 100% fast stilling ved seksjon for gastroenterologi og ernæring. 

Barne- og ungdomsklinikken (BUK) er landets nest største barneavdeling, regionsjukehus på Vestlandet og førande i behandling av barnesjukdommar. Vi skal dekke lokale, regionale og enkelte nasjonale behov for spesialisthelsetenester for barn og unge inntil fylte 18 år, og er lokalisert i Glasblokkene ved Haukeland universitetssjukehus.
Hausten 2023 samla vi all utgreiing, behandling og oppfølging av barn innan somatikk og psykisk helsevern og flytta saman i Glasblokkene. Dette vil gje nye og spennande moglegheiter for framtida. Vi har eit kontinuerleg fokus på utvikling, samhandling og forbetring. 

BUK har 67 senger fordelt på fem seksjonar: Nyføddintensiv, Medisin A, Medisin B, Medisin C og Barnekirurgi. I tillegg har vi Seksjon for legar, Seksjon for merkantile tenester, Energisenteret, Habiliteringstenesta og Stab. I 2023 hadde vi totalt 350 årsverk, om lag 4 000 innleggingar og 33 000 polikliniske konsultasjonar.

Gastroseksjonen er ein av dei større seksjonane ved Barne- og ungdomsklinikken, og har knytt til seg 6 overlegar. Det er mykje poliklinisk verksemd, i tillegg til nokre pasientar innlagde ved sengepost. Problemstillingane fattar vidt innan dei fleste felt i barnegastroenterologien. Vi har spiseteam, og team for komplekse tilstandar med somatiske symptom. Vi gjer mellom anna endoskopiar, manometriar, samt pH og impedansemålingar i spiserøyr.

Vi søker etter ein overlege med erfaring og kompetanse innan gastroenterologi. Vi treng ein overlege som saman med dei øvrige legane ved seksjonen og heile det tverrfaglege teamet skal bidra til at Barne-
og ungdomsklinikken i Bergen tilbyr barn og unge diagnostikk og behandling av
internasjonal standard. 

Arbeidsoppgåver

  • Du vil ha dag-til-dag ansvar for behandling av pasientar, samt langsiktig ansvar for oppfølging av dei
  • Du vil inngå i eit tett tverrfagleg samarbeid som består av andre spesialistar, sjukepleiarar, fysiopterapeutar, bioingeniørar, psykologar, skule og leiketerapi
  • Det føreset deltaking i vakt i henhald til kompetanse og klinikkens behov
  • Du vil vere delaktig i undervisning og rettleiing av legar, studentar og andre personellgrupper

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege, spesialist i pediatri
  • Godkjent spesialist i barnesykdommer
  • Forskarerfaring vil vli vektlagt
  • Bakvaktskompetanse
  • Det blir lagt vekt på klinisk erfaring innan barnegastroenterologi og ernæring
  • Søkar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg eller eit anna skandinavisk språk
  • God evne til skriftleg dokumentasjon
  • Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram godkjend politiattest (vandel), jf. Lov om helsepersonell §20a

Personlege eigenskapar

  • Du må kunne arbeide sjølvstendig
  • Du må ha gode samhandlingsevner og må kunne kommunisere med barn og foreldre på ein god måte
  • Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta på jobb
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper og samarbeidspartnarar
  • Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod


Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.  

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktpersoner
Navn: Karin Birgitta Tylleskar
Tittel: Klinikkoverlege
Telefon: +47 55975246
E-post: karin.birgitta.tylleskar@helse-bergen.no
Navn: Erling Tjora
Tittel: Seksjonsoverlege
Telefon: 41701611
E-post: erling.tjora@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Barne- og ungdomsklinikken / Leger, Helse Bergen
Jonas Lies vei 79
5053 BERGEN