Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Velkomen til Kristiansund!

BUP poliklinikk Kristiansund har ledig fast 100% stilling for lege i spesialisering, med oppstart frå snarast.
Vi er ein del av avdeling for psykisk helsevern barn og unge, som er samansett av poliklinikkane i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund, og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund. Avdelinga er godkjent utdanningsinstitusjon i spesialiteten barne- og ungdomspsykiatri.

Poliklinikken i Kristiansund er organisert i tverrfaglege team: akutt/ambulant team, nevropsykiatrisk team, småbarnsteam og generalistteam. Vi tilbyd spesifikke behandlingstilbod som til dømes FBT, TF-CBT, EMDR og PEF, og har eit godt utvikla pasient- og pårørandeopplæringstilbud. Avdelinga har faglege nettverk på tvers av poliklinikkane i forhold til psykose, spiseforstyrringar, vald og overgrep, personlegdomsproblematikk og akuttarbeid.
Som LIS ved BUP Kristiansund vil du arbeide i tverrfagleg team med overlege og psykologspesialist.

Vårt samarbeid med kommunehelsetenesta og oppvekstsektoren er organisert i Barn og unges helseteneste. Du kan lese mer om denne spanande nysatsinga her: www.helse-mr.no/avdelinger/klinikk-for-psykisk-helse-og-rus/avdeling-for-psykisk-helsevern-barn-og-ungdom/barn-og-unges-helseteneste

Poliklinikken har eit ivaretakande og godt arbeidsmiljø, med mykje godt humør og arbeidsglede. Vi strekk oss langt for at spesialiseringslegane våre skal få best mogelege faglege utviklingsforhold.

Poliklinikken ligg sentralt plassert ved havna, midt i sjarmerande Kristiansund. Byen som ligg på tre øyer på Nordvestlandet, og som er omkransa av vill og flott natur på alle kantar. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsettingar og konsertarrangement kvart år. Like utanfor byen kan du oppleve den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Flyplassen ligger kun 10 minutt kjøring fra sentrum, med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen.

For meir informasjon om spesialiseringsløpet: helse-mr.no/fag-og-forsking/utdanning-og-kompetanseutvikling/leger-i-spesialisering-lis/barne-og-ungdomspsykiatri/spesialisering-i-barne-og-ungdomspsykiatri-ved-kristiansund-sjukehus 

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av barn og ungdom med ulike type psykiske lidingar og utviklingsforstyrringar
  • Somatiske undersøkelsar og medikamentelle vurderingar.
  • Pårørande- og familiesamtalar.
  • Medverke fagleg gjennom undervisning og teamarbeid
  • Ta del i arbeid med pasientsikkerheit, systematisk kvalitetsarbeid og kontinuerlig forbetring av verksemda
  • Samhandling med kommunene, bistå med rådgjeving og rettleiing.
  • Ambulant behandling der det er hensiktsmessig.

Kvalifikasjonar

  • Du må ha norsk autorisasjon som lege, samt godkjent LIS del 1 (evt. turnusteneste etter gamal ordning)
  • Legar uten LIS del 1 kan søke midlertidig stilling 
  • Du må meistre norsk (evt. dansk/svensk) muntleg og skriftleg
  • Den som får tilbod om stilling må legge fram godkjent politiattest (vandel) jfr. Lov om helsepersonell §20a. 

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner på tvers av profesjonar og yrkesgrupper
  • Du kommuniserer godt med pasientar og medarbeidarar
  • Du arbeider strukturert og målretta
  • Personleg eignaheit, og intrykk frå intervju vil bli vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Høg fagleg standard
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Andre legestillinger
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Kjell Åsmund Bryn
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 71217550
E-post: kjell.asmund.bryn@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Poliklinikk BUP Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Sykehusgata 2
6508 Kristiansund