Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

I Molde har vi kanskje landets hyggelegaste indremedisinske seksjon. Vi er i vekst, har stort fagleg fokus og i tillegg set vi trivsel på jobb høgt.  Vi freistar med svært dyktige kollegaer, nytt sjukehus under bygging, fantastisk utsikt og drøssevis av fritidsmoglegheiter i Norges vakraste fylke.

Ved seksjon Medisinske legar Molde har vi i vår behov for fleire legar til arbeid på våre indremedisinske sengepostar. Vi har no fleire ledige vikariat. Det er planlagt at vi skal innføre et nytt journalsystem 27.4.24, og i den forbindelse treng vi fleire legar til å gjere vanleg legearbeid på sengepost, samt kan det tilkome arbeidsoppgåver med overføring av pasientdata frå det eine til det andre journalsystemet. 

Vi har spesialistar i alle indremedisinske fag. På sengepost har vi seksjonerte senger for kardiologi, infeksjonsmedisin, geriatri, gastroenterologi, hematologi og lungemedisin. Endokrinologisk seksjon har tekniske senger ved behov, og vi har eigen dialyseeining. Vi har poliklinikk innan alle fag, og er godkjent for utdanning i generell indremedisin, kardiologi, lungemedisin, gastroenterologi, hematologi, infeksjonsmedisin og endokrinologi. 

Sjukehuset er av perfekt storleik. Lite nok til at alle kjenner alle og kvardagslogistikken er god, men stort nok til at ein ikkje får meir ansvar enn ein kan bere. Seksjonen satsar på fagleg kvalitet, utdanning, aukande forskingsaktivitet, utvikling og godt arbeidsmiljø. Vi har til dømes internundervisning med høg kvalitet, eit av landets kanskje beste medisinske akutt team leia av LIS2/3 i vakt. Vi har også tidleg og systematisk opplæring i vaktrelevante prosedyrer og bruk av ultralyd, veldifferensierte poliklinikkar med høgt fagleg nivå og fokus på å ha det kjekt på jobb. Vi har eit tett og godt samarbeid med andre seksjonar på huset, fredagskonfekt, is i fryseren, kaffe i koppen, god humor, spreke kollegaer og eit nytt sjukehus Nordmøre og Romsdal under bygging og utvikling som vi gler oss til å flytte inn i i 2025.

Som lege på indremedisinsk sengepost vil du jobbe med postarbeid på ein tildelt fagspesifikk seksjon. Du vil få tildelt rettleiar, og ha avsatt tid til rettleiing. Vi har stort fokus på fagleg kvalitet, og i det ligg det sjølvsagt god opplæring, supervisjon og rettleiing. 

Vi søker no etter lege, som gjerne kan vere  LIS1-ventar, som ønsker relevant arbeid og lærerike dagar i eit triveleg og fagleg sterkt indremedisinsk miljø.  Arbeidet omfattar kun sengepostarbeid, evn anna journaloverføringsarbeid, og ikkje vaktarbeid. Ved spesiell interesse kan det tilretteleggast for noko poliklinisk arbeid.

Vil du vere med på laget? 

Oppstartsdato februar-mars. Endelig dato vert vurdert i samråd med aktuelle søkarar. Stillingane har varigheit i ca 6 mnd., med høve for forlenging. 

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknaden.

Arbeidsoppgåver

  • Sengepostarbeid, løpande visitt og arbeid med utskrivelsar
  • Arbeidstid kl.08-16 på kvardagar, med mogelegheit om utvida arbeidstid etter ønske og behov
  • God opplæring, supervisjon og rettleiing

Kvalifikasjonar

  • Godkjent medisinstudent med lisens
  • Meistre norsk språk - skriftleg og muntleg på eit tilfredstillande nivå
  • Erfaring innan indremedisin, eller anna relevant spesialitet frå før er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Du er positiv
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du jobbar godt åleine og i team
  • Du er opptatt av evidensbasert medisin, og å jobbe kontinuerleg med fagleg utvikling
  • Du er strukturert og fleksibel
  • Du deltek aktivt i arbeidet for eit godt arbeidsmiljø
  • Du er svolten på ny kunnskap og erfaring
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Særs godt arbeidsmiljø og ein trivelig arbeidskvardag med stort fagleg fokus
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Lønn etter gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Andre legestillinger
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Ida Camilla Monn Birkhaug
Tittel: Seksjonsleder (lege)
Telefon: 92433378
E-post: Ida.Camilla.Monn.Birkhaug@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinske legar Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Molde sjukehus
6412 MOLDE