Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Avdeling for patologi er ei stor og velutrusta avdeling med breitt diagnostisk tilbod innanfor biopsi, cytologi, autopsi, nyrepatologi, nevropatologi, oralpatologi og molekylærpatologi. Det er ei framtidsretta avdeling som stadig arbeider med innføring av nye metodar og ny teknologi, mellom anna i digital patologi og  kreftgenomikk.

Vi har ledig to vikariat (100%) som lege i spesialisering 2/3, og ønsker å tilsette snarast råd. Vikariata er av 6-12 månaders lengde med høve til forlenging. Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanning i patologi. 

Avdelinga diagnostiserer 55 000 biopsiar og 65 000 cytologiske prøvar kvart år. Det blir utført om lag 60 000 immunhistokjemiske undersøkingar, og om lag 350 obduksjonar årleg. Avdeling for patologi er del av eit nasjonalt satsingsprosjekt innan digital patologi.

Det er i overkant av 120 tilsette på avdelinga, derav 30 overlegar og 12 legar i spesialisering. Vi er heldige som har engasjerte og trivelege tilsette, og vi søker etter medarbeidarar som kan like seg i eit hektisk og spennande arbeidsmiljø. Her vil du få ei viktig rolle og høve til å vere i kontinuerleg utvikling. Vi ser etter deg som har evne til å arbeide målretta og som set fagleg kvalitet høgt.

Patologi er ei kjerneverksemd i diagnostikk av kreft og annan sjukdom. Faget er i rask utvikling. Avdelinga har omfattande diagnostiske funksjonar og dekker alle fagområda innanfor patologi. Kandidaten vil få ein overlege som rettleiar. Fleire av overlegane har bistilling på Universitetet i Bergen, og det er eit tett samarbeid med tilsette på universitetet. Her er det derfor gode moglegheiter til forsking og utviklingsarbeid. Ved tilsetjing vil personlege eigenskapar og evne til å samarbeide bli vektlagd.

Arbeidsoppgåver

  • Den som blir tilsett skal delta i det diagnostiske arbeidet med biopsiar, cytologiske prøvar og obduksjonar i rotasjon med dei andre spesialistkandidatane
  • Arbeidstida er måndag til fredag 0800-1600

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3-stilling i patologi
  • Patologifaget krev solid kunnskap innanfor dei medisinske basisfaga anatomi, histologi, fysiologi, biokjemi og molekylærbiologi
  • Erfaring frå klinisk verksemd kan vere nyttig
  • Det vil bli lagt vekt på erfaring frå patologifaget og relevant forskingserfaring
  • Den som blir tilsett må kunne kommunisere godt på norsk eller skandinavisk språk, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Stillinga passar for ein lege som har som mål å utvikle høg fagleg kompetanse
  • Den som blir tilsett må vise:
    • gode samarbeidsevner
    • stor vilje til å tileigne seg teoretisk og praktisk kunnskap
    • evne til å arbeide ansvarleg, nøyaktig, effektivt og etterretteleg
    • ein forventar jamn progresjon i spesialistutdanninga, til ferdig spesialist i løpet av om lag fem år

Vi tilbyr

  • Ein vil få ein personleg rettleiar og delta i avdelinga sitt utdanningsprogram
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Høgt fagleg nivå
  • Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
  • Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
  • Ein viktig og interessant jobb i norsk helsevesen

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Heidi Grønseth
Tittel: Seksjonsoverlege
Telefon: 47898844
E-post: heidi.gronseth@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Laboratorieklinikken/ Avdeling for patologi, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen