Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Liste utan fastlege(LUF)  ledig ved Bylegane legekontor, lokalisert i Breidablikkgata 149. Romslege lokaler, dyktig hjelpepersonell, Infodoc journalsystem. Legekontoret er lokalisert , sentralt i haugesund og med særs gode parkeringstilhøve.  Senteret har mykje erfaring i å rettleia siste års medisinstudentar  frå  universitetet i Bergen. Heimelen er knytta til næringsdrift og med høve til  spesialisering innan allmennmedisin via ALIS-avtale. Haugesund er kommunen som ynskjer at du skal trivast og lukkast og vil med det gjere vårt for å leggje til rette så langt det er mogleg.  

Haugesund har eit godt og velfungerande allmennlege-miljø med 36 fastlegar fordelt på 9 legesentre og der det ved Bylegane legekontor er plass til totalt tre legar. 

Haugesund er regionssenter på Haugalandet med ca 37 500 innbyggjarar og næraste nabo til Nordsjøen i vest. Det er gode moglegheiter for og tilgang på eit allsidig kultur- og friluftsliv til alle årstider. Haugesund lufthavn, Helganes gjer det enkelt å reise både innan- og utanlands.  
 
Me søkjer: 

Lege med norsk autorisasjon, som har gjennomført LIS1 og som ynskjer å gå vidare innan allmennmedisin, har genuin interesse for menneskje, som kan kommunisere med alle på norsk. Du er systematisk, strukturert og har høg fagleg standard og evnar å arbeide under tidvis høgt press . Du evnar også å gje ditt bidrag til det faglege og sosiale miljø.  Det er krav om politiattest til stillinga. 
 
Me kan tilby: 
- eit spennande paseintarbeid der du får følgje innbyggjarane på lista di opp over tid 
- eit godt og fagleg robust fastlegemiljø med 36 andre fastlegar 
- avtale om ALIS og tilgang på dyktige rettleiarar  
- praksiskompensasjon ved fråver grunna sjuke born (inntil 10 dagar pr. år) 
- vakter i  interkommunal legevakt med 2 legar på vakt samt dyktige og erfarne hjelpepersonell 
- dekning av alle obligatoriske kurs/utgifter i samband med spesialiseringa   
- praksiskompensasjon som del av ALIS-tilskot frå Helsedirektoratet         

For nærare informasjon, ta kontakt med: 
Eigar av «Bylegane» og fastlege Stein Roar Kringeland,  tlf 90 75 73 11 
e-post: s.r.kringeland@gmail.com 
 
Helsesjef Tone B. Steinsvåg, tlf 91382501 
e-post: tone.b.steinsvag@haugesund.kommune.no;   
 
Kommuneoverlege Katrine Marie Haga Nesse,tlf. 45398132, e-post: katrine.marie.haga.nesse@haugesund.kommune.no;  

Søknad med CV kan sendast postmottak@haugesund.kommune.no og merkast «Bylegane». Søknadsfrist 08.02.2024 
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Haugesund kommune
Kontaktpersoner
Navn: Tone B. Steinsvåg
Tittel: Helsesjef
Telefon: 91382501
E-post: tone.b.steinsvag@haugesund.kommune.no
Navn: Katrine Marie Haga Nesse
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 45398132
E-post: katrine.marie.haga.nesse@haugesund.kommune.no
Navn: Stein Roar Kringeland
Tittel: Eigar av «Bylegane» og fastlege
Telefon: 90757311 
E-post: s.r.kringeland@gmail.com 
Søknad
Søknad merkes: Bylegane
Send søknad på mail
Arbeidssted
Breidablikkgata 149
5527 HAUGESUND