Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vil DU bli med på laget vårt? Vi søkjer ein kollega med interesse for elektiv og akutt ortopedi!

Avdeling for ortopedi SNR har ledig vikariat  i 2 år for lege i spesialisering (LIS 3) innan ortopedisk kirurgi. . Tilsetting frå snarast, eller etter nærmere avtale med seksjonsleiar. 

Avdelinga har drift både i Kristiansund og Molde. Frå 2025 jobber vi saman i det toppmoderne sjukehuset på Hjelset og avansert dagkirurgi i Kristiansund. 

Til saman tilbyr vi eit omfattende ortopedisk behandlingsspektrum, samt eigen ortopedisk vaktline.
I Kristiansund har vi 10 overlegar (1 professor, 2 førsteamanuensis, 6 PhD`ar), 6-7 LIS 2/3 og 9 LIS. I Molde har vi 6 overlegar og 3 LIS 2/3. 
I avdeling for ortopedi har vi sengepostar, fast-track protesekirurgi, dagkirurgi eining. Vi har også ortogeriatrisk eining for ortogeriatrisk trauma med tilsett spesialist i geriatri. I Kristiansund har vi to sengepostar der ein er dedikert til fast-track protesekirurgi, dagkirurgisk eining. Vi har òg ortogeriatrisk eining for ortogeriatrisk trauma med tilsett spesialist i geriatri. Tilbodet i Molde inkluderar eit bredt spekter av operative og konservative behandlingar innan ortopedi, herunder frakturer, hand- og fotkirurgi inkl. diabetes-fot, ortogeriatri, protesekirurgi, artroskopisk behandling av skulder, albue, kne og ankelledd. Spesielle satsingsområder er tverrfagleg behandling av
kompliserte sår, fotkirurgi og eldre med bruddskadar. Molde sjukehus er traumesjukehus, og ortopedien inngår i traumeteamet. Til saman tilbyr vi eit omfattende ortopedisk behandlingsspektrum, samt eigen ortopedisk vaktline.

Vidare kan avdelinga tilby:

  • Multidisiplinær behandling
  • Skadepoliklinikk og ortopedisk poliklinikk samt akuttmottak
  • Osteoporose-poliklinikk med behandlings/ infusjonseining, DXA-maskin, «Capture the fracture» silver star rangering
  • Proteseførebuande eining med fast-track protesekirurgi med 1 døgn liggetid
  • AI-prosjekt (kunstig intelligens) innanfor protesekirurgi inkludert robotkirurgi
  • Operasjonsavdeling med stor verksemd innanfor dei fleste spekter av ortopedien
  • Sub-spesialitetar innanfor hofte- og kneprotesar inkludert omfattande revisjonskirurgi, rygg, barn, hand, fot, artroscopi, komplisert sårbehandling, ortogeriatri , traumekirurgi, komplekse lednære fracturer, osteophorose etc.
  • Utdanningsinstitusjon for medisinstudentar fra NTNU. Vi har 16 studentar i løpet av året i praksis på siste år av studiet
  • Fysioterapeutar, spesialsjukepleiarar, ernæringsfysiolog og klinisk farmasøyt er dedikert til seksjonane våre


Vi har eigen ortopedisk forsknigsavdeling med 11 pågåande store kliniske PhD-prosjektar samt grunnforsknings-prosjekter. Avdelinga publiserar ei rekkje publikasjonar i høgt rangerte internasjonale tidsskrifter årleg. Vi tilbyr veilederkompetanse både for doktorgrads- og mastergrad-prosjekter. Det drives forskning på PhD nivå i betydeleg omfang både i Kristiansund og Molde. Utdanning og fagutvikling står i fokus hos oss, og undervisning, operasjonsaktivitet og kursdeltakelse blir prioritert. Hos oss gis kniven videre.

Er dette noko for deg er DU velkomen til å søkje på stillinga. Ta gjerne kontakt for ein prat! 

Arbeidsoppgåver

Du får varierte arbeidsoppgåver som lege i spesialisering i ortopedisk kirurgi:

  • Vaktarbeid
  • Operasjon
  • Poliklinikk
  • Visitt
  • Deltaking  i undervisning og kvalitetsforbedringsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gjennomført og godkjent LIS1 teneste eller turnusteneste etter gamal ordning
  • Relevante tilleggskvalifikasjoner vektleggast
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg 
  • Dersom det ikkje vert aktuelle søkarar til LIS-stillinga, vil vi vurdere å tilsette autorisert lege som ventar på LIS1-stilling. Medisinstudentar med lisens kan også vere aktuelle

Personlege eigenskapar

  • Du liker varierte utfordringar
  • Du har interesse for ortopedi og forskning
  • Du har evne og vilje til tverrfagleg samhandling
  • Du har gode kommunikasjonsevner med pasientar, pårørande og andre tilsette
  • Du har god evne til refleksjon over eigen praksis som lege
  • Du har god evne til å gje og motta tilbakemeldingar
  • Du evner å ta ansvar for eigen spesialistutdanning (jfr. forskrift om spesialistutdanning)

Å vere personleg eigna, samt arbeidskapasitet og motivasjon vert vektlagt ved tilsetting. 

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

For informasjon om Molde og Kristiansund - sjå her

Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Marianne Folkestad
Tittel: Konstituert seksjonsleder
Telefon: +4771120000
E-post: Marianne.Folkestad@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Ortopediske legar SNR, Helse Møre og Romsdal HF - Kristiansund sjukehus
Herman Døhlens vei 1
6508 Kristiansund
Søk på stillingen