Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Barne- og ungdomsklinikken i Stavanger søker legar som ønsker å fordjupa seg i den aller beste spesialiteten, nemleg pediatri! Vi har eit ledig LIS2/3-vikariat, og det er god moglegheit for å få vikariatet forlenga. Er du allmennlege og treng sjukehusteneste, er dette perfekt. 

Kven er vi?

Vi behandlar born i alle aldersgrupper - frå dei yngste premature og opp til 18-årsdagen. Avdelinga er inndelt i nyføddintensiv, sengepost for born og unge, og poliklinikk. For dei talinteresserte: Barnepopulasjonen er på ca 86.000 born, SUS har ca 4500 fødslar/år, BUK har ca 2500 innleggingar/år og poliklinikken har ca 18000 konsultasjonar/år. Vi har 42,5 legestillingar korav 14 LIS, og to av LIS-stillingane er 50% stipendiatstilling.

Vi underviser medisinstudentar, og mange av legane jobbar med forsking, dei viktigaste felta er lunge/allergi, nyføddmedisin, infeksjonsmedisin og endokrinologi.

Legane er fordelt i fleire i faggrupper med fagansvarlege overlegar i alle pediatriske fagfelt. Vi har utdanningsansvarleg overlege, eit CL-team med psykologar og eit tverrfagleg barnepalliativt team. 

Kva tilbyr vi?

Avdelinga gjev moglegheit for fullt utdanningsløp i pediatri, og for deltaking i forskingsprosjekt. Hos oss møter du eit stort spenn av ulike tilstandar og diagnosar, og mange engasjerte kolleger å diskutera med. Du får faste fordjupingsdagar (6 dagar per 12 veker) og fri kvar 12. veke. Friveka kan evt. delast opp og fordelast jamnt utover i turnusen, og det er mogleg å jobba utan UTA. Det kan vera aktuelt å tilby delt/redusert stilling dersom det er fleire søkarar som ønsker dette.

Vi har eit svært triveleg og trygt arbeidsmiljø både blant LIS og i heile legegruppa, med mange sosiale treff. Vår utdanningsansvarlege overlege engasjerer seg stort både i LIS-ane si utdanning og generelle velvære, og alle nye LIS får fadder, veileder og grundig opplæring før ein går sjølvstendig vakt.

Stavanger er ein triveleg by med alt ein kan ønska seg av uteliv, kultur og shopping, og der er mange flotte friluftsområde i og like utanfor byen, anten ein likar seg på vatnet eller i fjellet. 

Kven er du?

Du er grei og hyggeleg, du likar å læra og utvikla deg, og det er absolutt ein fordel om du likar born. Du likar å kommunisera med både store og små. Du likar ein jobb med utfordringar innanfor trygge rammer, og du har gjennomført LIS1-teneste. Du likar både sjølvstendig arbeid og teamarbeid. Og kanskje er du interessert i forsking? 

Praktiske forhold:

Det er ledig eit 12 månaders LIS-vikariat ved avdelinga med snarleg oppstart. Det er moglegheit for forlenging. Det kan hende det vil åpne seg flere vikariater i denne
utlysningen.  

Den som får tilbod om tilsetjing må legga fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a.

Ein bed om at det blir oppført om ein følger ny eller gammal utdanningsordning for legar. Dersom ein har teljande teneste frå før, er det ønskeleg at ein oppgjev kor lang tid ein har att til spesialitet.

Ta kontakt med avdelingsoverlege om du har spørsmål!

Attester, vitnemål og eventuell annen relevant dokumentasjon må vedleggast søknaden. 

Arbeidsoppgaver

  • Nytilsette legar gjennomgår ein opplæringsperiode både på nyføddintensiv og på store barn, samt opplæringsvakter før ein har sjølvstendig vakt. 
  • LIS deltar i primærvakt ved avdelinga og roterer 5 mndr om gangen mellom dei ulike sengepostane og poliklinikk. Vaktsjiktet er p.t. 12-delt. 
  • Dagtidsarbeidet består av visittgang, mottak og poliklinisk vurdering av pasientar, samt barselundersøking av nyfødde.

Kvalifikasjoner

  • Norsk autorisasjon som lege.
  • Gjennomført LIS1-teneste er nødvendig. Søkarar utan LIS1 kan bli vurdert individuelt. 
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråkleg vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i foretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå.
  • Det vil bli krevd politiattest av den som blir tilsett, jfr. Helsepersonelloven §20a.

Personlige egenskaper

  • Du er motivert for pediatrifaget, og tar initiativ til læring.
  • Du er fleksibel og løysingsorientert.
  • Du jobbar målretta, strukturert og effektivt.
  • Du likar å jobba sjølvstendig, samtidig som du meistrar samarbeid med andre.
  • Du kommuniserer godt med både kolleger, pasientar og pårørande.
  • Du bidrar til arbeidsmiljøet både fagleg og sosialt.

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overenskomst.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Eit svært triveleg og inkluderande arbeidsmiljø.
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv(IA)-bedrift.
  • Gode velferdstilbod som m.a. bedriftsidrettslag og turgruppe. 

Mangfoldserklæring

Foretaksgruppa i Helse Vest ønsker å gjenspegla mangfoldet i befolkninga i vår rekruttering. Vi oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søka ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og flerkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Foretaksgruppa Helse Vest ønsker å legga til rette for ei inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Stavanger HF
Kontaktperson
Navn: Ann Marit Gilje
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: +4793009322
E-post: ann.marit.gilje@sus.no
Arbeidssted
Kvinne- og barneklinikken / avdeling Barne- og ungdomsklinikk / Barneklinikken leger, Helse Stavanger HF
Gerd Ragna Bloch Thorsens gate
4019 Stavanger
Mer om arbeidsgiver

Ønsker du å gjøre en forskjell på et av landets største sykehus? Stavanger universitetssjukehus tren...

Besøk arbeidsgivers profilside
teaser image