Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Voss sjukehus søkjer spesialist i indremedisin

Voss sjukehus, Haukeland universitetssjukehus, Helse Bergen har ledig 1 vikariat frå 04.03.2024, eller etter avtale og i 1 år med moglegheit for forlenging. Vi tilbyr ei fagleg attraktiv overlegestilling i Vestlandet si vakraste bygd på eit av dei beste lokalsjukehusa i landet.

Stillinga er knytt til Medisinsk avdeling med for tida 6-delt vaktordning for overlege som tertiærvakt bak LIS 1 og LIS 2/3. Vi er opne for alle spesialitetar innan indremedsin. Vaktordninga er basert på til stades- og heimevakt. 

Litt om avdelinga:
Medisinsk avdeling har i dag sju overlegestillingar og dekkjer spesialitetane lungemedisin, nefrologi,
fordøyelsessjukdomar, geriatri og kardiologi. Avdelinga har ein sengepost med 26 senger,
1 dagpost for medisinske kurar, dialyseavdeling, intensiv/overvakingsavdeling
med 6 sengeplassar. Det arbeider 20 legar ved avdelinga: 7 overlegar, 8 LIS 2/3 og 5 LIS1.

Generelt om Voss sjukehus:
Voss sjukehus har akuttberedskap innan ortopedi, kirurgi, indremedisin, føde, gynekologi og anestesi. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar, fordelt på seks kommunar. I tillegg kjem pasientar vi avlastar Haukeland universitetssjukehus for, frå Bergen og kommunar frå Sogn og Hardanger. 

Litt om Voss:
Voss herad aukar folketalet og har for tida 15.800 innbyggjarar og staden har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og - aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar samt ein flott golfbane. Me har gode rabattordningar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Kulturlivet er rikt og variert, med Vossa Jazz. Bluesfestival og Osafestival. Det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.

Å bu på Voss 

Arbeidsoppgåver

  • Poliklinikk
  • Dagbehandling
  • Vurdering av tilvisingar
  • Visitt på sengepost
  • Delta i indremedisinsk bakvakt
  • Rettleiing og undervising av LIS2/3

Kvalifikasjonar

  • Du har norsk autorisasjon og spesialistgodkjenning i relevant fagfelt innan indremedisin
  • Du må meistre norsk språk både skriftleg og munnleg
  • Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekomande og viser respekt
  • Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø 
  • Du har engasjement for fagfeltet og ynskjer å vidareutvikle kompetansen din 
  • Det blir lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring 

Personlege eigenskapar

  • Du kommuniserer tydeleg og forståeleg med pasientar og andre samarbeidspartnarar
  • Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeidar strukturert og målretta på jobb
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper
  • Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende.
  • Du kan delegere og følgje opp delegerte oppgåver 

Vi tilbyr

  • Eit aktivt og trivleg arbeidsmiljø. Hjå oss helsar vi på kvarandre i gangane og har ein kantinekultur vi er stolte av 
  • Ein sterk identitet som ei av Noregs mest kjende kulturbygder, og tek vel i mot nye innbyggjarar 
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst mellom Helse Bergen og Dnlf
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Voss sjukehus vil kunne hjelpe med å finne passande bustad 


Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktpersoner
Navn: Gro Lillegraven
Tittel: Overlege
Telefon: 56533500
E-post: gro.lillegraven@helse-bergen.no
Navn: Turid Fjose
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 56533500
E-post: turid.fjose@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Voss sjukehus, Helse Bergen
Sjukehusvegen 16
5704 Voss
Søk på stillingen