Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kreftavdelinga har ledig sommervikariat for medisinerstudent med lisens

Kreftavdelinga har ansvar for medikamentell kreftretta behandling for innbyggjarane i tidlegare Sogn og Fjordane (ca 110 000 innbyggjarar).
Avdelinga består av sengepost med 13 senger og poliklinikk, og har pasientar innan fagområda onkologi, hematologi og palliasjon. 

Stillinga er dagtid, med 4-delt vaktordning: kl 16:00-19:00 på kvardagar og kl 09:00 - 14:00 på helg/høgtidsdagar

Vaktskiftet består av overlege og LIS3, eller overlege og medisinerstud m/lisens)

Arbeidsoppgåver

  • Ordinære oppgåver tilknytta arbeid ved sengepost, visitt, mottak av pasienter med innkomstjournal, epikriser m.m.
  • Behandling og oppfølging av pasientar med kreftsjukdom og deira pårørande 

Kvalifikasjonar

  • Dokumentasjon på lisens
  • Gode norskkunnskaper er helt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling 

Personlege eigenskapar

Vi vil gjerne ha ein medarbeidar som:

  • har fagleg interesse og engasjement for fagområda onkologi, hematologi og palliasjon
  • har høg arbeidskapasitet, er fleksibel, og har gode evner til samarbeid og kommunikasjon
  • er ansvarsbevisst og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø

Kompetanse, erfaring og eignaheit vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Ei avdeling med spennande og utfordrande fagmiljø
  • Høg fagleg kvalitet, og godt arbeidsmiljø, med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Andre legestillinger
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktpersoner
Navn: Ingunn Solheim Terøy
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 578 39 201
Navn: Jaroslav Bublevic
Tittel: Overlege og medisinskfagleg rådgjevar
Telefon: 578 31 314
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Kreftavdelinga, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 Førde