Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Har du lyst å jobbe som lege på vår daglegevakt sommaren 2024?
 
Om arbeidsstaden
Vårt kommunale legekontor har mellom anna som oppgåve å sørge for daglegevaktstilbodet for pasientar som oppheld seg i Voss Herad og treng øyeblikkelig hjelp .
Daglegevakta er samlokalisert med akutt mottaket ved Voss sjukehus.
Tidspunkt: frå 24/6-2024
Arbeidstid kl 0800-1600, måndag til fredag.
Det er også mogleg å få vakter ved vår interkommunale legevakt for Voss og dei omkringliggjande kommunane som høyrer til i same lokalar som daglegevakta. Den interkommunale legevakta er i drift på ettermiddag, kveld, natt samt i helgene.
Me ser etter deg som:
- Likar å arbeide med øyeblikkelig hjelp pasienter i allmennmedisin
- Er vaktkompetent ihht akuttmedisinskforskriftas kriterier
- Har gode norsk kunnskapar både skriftleg og munnleg.
- Innehar førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar vil verta vektlagt. 
Me nyttar InfoDoc Plenario journalsystem
 
Dei som vert tilsett må leggja fram godkjend politiattest før dei tek til i stillinga
 
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
 
Ver venleg og legg ved vitnemål og attestar i søknaden.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Voss herad
Kontaktperson
Navn: Ingunn-Olin Haugen
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: 94136967
E-post: ingunn-olin.haugen@voss.herad.no
Arbeidssted
Voss sjukehus
Sjukehusvegen 16
5704 VOSS