Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Ledig 50% stilling av 12 månaders varigheit for lege som ønsker å gjennomføre vidareutdanning innan kompetanseområdet allergologi. Rettleiing og undervising vil bli gitt i samsvar med krav til kompetanseområdet i allergologi. Stillinga er knytt til Regionalt senter for astma, allergi og overfølsomhet i Helse Vest (RAAO Helse Vest), Yrkesmedisinsk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus, som har ansvar for helseregion III (Rogaland og Vestland).

Arbeidsoppgåver

Regionalt senter for astma, allergi og overfølsomhet (RAAO) Helse Vest har som oppgåve både å vere kompetanseteneste og behandlingsteneste. RAAO Helse Vest er ein tverrfagleg poliklinikk som gjev eit utfyllande tilbod til utgreiing og behandling av allergiske sjukdommar, og er såleis eit tillegg til den allergologiske verksemda som elles finst ved Haukeland universitetsjukehus. RAAO Helse Vest har over mange år bygd opp fagkompetanse innan allergi og annan overfølsomhet. Særleg fokus har vore på å utvikle spesialallergologiske tilbod innan utgreiing av anafylaksi, yrkesallergi, matallergi/-intoleranse, legemiddeloverfølsomhet, allergisk sjukdom i fleire organsystem, allergen immunterapi og allergologisk laboratoriediagnostikk. 

Kvalifikasjonar

  • Til stillinga søker vi ferdig spesialist med norsk autorisasjon som ønsker å vidareutdanne seg i kompetanseområdet allergologi
  • Søkar må vere spesialist innanfor eit relevant fagfelt, og ha spesiell interesse i allergologi
  • Søkar må ha klinisk erfaring frå arbeid med allergirelaterte sjukdommar
  • Søkar må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Søkar må ha norsk autorisasjon

Personlege eigenskapar

  • Du er nysgjerrig og vitebegjærleg
  • Du tar initiativ, med evne til strukturert og systematisk arbeid
  • Du tar personleg ansvar for at oppgåver blir gjort, tilbyr gjerne hjelp og deler raust av kompetansen din
  • Du har evne til tverrfagleg lagspel og inkluderande engasjement
  • Du er pådrivar i fagutvikling og engasjert i forsking
  • Du er lojal
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt tverrfagleg miljø
  • Du har stor arbeidskapasitet, er effektiv og fleksibel
  • Du har evne til å trivast i eit aktivt og endringsorientert miljø
  • Du har gode kommunikative evner

Vi tilbyr

  • Vi tilbyr eit aktivt miljø, med gode samarbeidsrelasjonar, og spennande arbeidsoppgåver
  • Med seksjon for allergi- og proteinanalysar ved Laboratorium for klinisk biokjemi, avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin og RAAO Helse Vest som sentrale einingar er det etablert tverrfaglege og avdelingsovergripande nettverk i fagområdet allergologi ved sjukehuset, samt regionalt og nasjonalt
  • I samarbeid med Universitetet i Bergen og andre lokale, nasjonale og internasjonale institusjonar er det etablert brei forskingsverksemd ved avdelinga
  • Seksjonen favner breidden i allergologi, og på enkelte felt har vi unik spisskompetanse

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Torgeir Storaas
Tittel: Seksjonsoverlege
Telefon: 55973903
E-post: torgeir.storaas@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Yrkesmedisinsk avdeling/ Regionalt senter for astma, allergi og overfølsomhet, Helse Bergen
Jonas Lies vei 79
5021 Bergen