Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kronstad Distriktspsykiatriske Senter (DPS) har ansvar for 3 bydelar i Bergen; Bergenhus, Årstad og Ytrebygda. Kronstad DPS er lokalisert i eit flott og moderne bygg på Danmarksplass. Vi har to store allmennpoliklinikkar, og det er no Allmennpoliklinikk 1 som søker psykiater/overlege.

Vil du vere med å utvikle framtidas psykiske helsevern på Kronstad DPS?

På Kronstad DPS legg vi vekt på å utvikle spesialistrolla. Som overlege hjå oss vil du vere ein sentral del av dette arbeidet. Vi ivaretar den overordna spesialistkompetansen ved å samla overlegar og psykologspesialistar i eit eige forum.

 I allmennpoliklinikk 1 er vi 13 spesialistar, og som overlege vil du arbeida i eit tverrfagleg team. Vi har også sosionom og jobbspesialist i poliklinikken. Kronstad DPS har nokre spissa behandlingstilbod, mellom anna spiseteam, nevroteam, kortids angst- og OCD behandling. Vi etablerer no og FACT allmennteam og Høgintensitetstrening (HIT) som integrerte behandlingstilbod.

Vi legg vekt på å kunne legge til rette for varierte kliniske oppåver og fagleg utvikling. Samarbeid internt i poliklinikken og på tvers av seksjonane i DPS' et er av stor betydning. I den samanheng er vi opptatt av ei velvillig haldning frå våre tilsette til å bistå kvarandre og andre. Vi legg vekt på lojalitet til arbeidet med å nå dei til ein kvar tid overordna mål for tenestene. Personleg eignaheit til arbeidet i ein allmennpsykiatrisk poliklinikk vert lagt vekt på i vurderinga for tilsetting.

Er du den vi ser etter? 

Arbeidsoppgåver

  • Hovudoppgåver i poliklinikk vil vere vurdering, utgreiing, diagnostisering og behandling av tilviste pasientar med eit breitt spekter av ulike psykiske lidingar
  • Samarbeid med andre delar av behandlingsapparatet både internt og eksternt vil vere viktige arbeidsoppgåver. Det same gjeld samarbeid med pårørande i enkelte tilfelle, og med instansar som NAV, skule og/eller arbeidsgjevar i nokre tilfelle
  • Rettleiing for legar utan spesialistgodkjenning
  • Fagutvikling

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Psykiater
  • Klinisk erfaring innanfor ei respektivt allmennpsykiatrisk og/eller akuttpsykiatrisk teneste er ein fordel
  • Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Motivasjon og interesse for arbeidsform og fagområde
  • Godt fagleg skjønn, og evne til å arbeide målretta og strukturert
  • Sjølvstendig i arbeidet, og fungere godt i team når det trengs. Dette blir vurdert som særs viktig
  • Vi jobbar tverrfagleg og den som blir tilsett må trivast med ein slik jobbkvardag
  • Vi ønsker oss kollegaer som er engasjerte og fleksible, og som og kan vera tydeleg om det trengs
  • Evne til fleksibilitet og sjølvstende
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
  • Dei som blir tilsett må vere skikka ut frå ei samla vurdering

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Moglegheit for forsking og fagutvikling

Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktpersoner
Navn: Lars Onsrud
Tittel: Klinikkoverlege
Telefon: 55956000
Navn: Per Birkhaug
Tittel: Ass. seksjonsleiar
Telefon: 92411715
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Kronstad distriktspsykiatriske senter/ Kronstad Allmennpoliklinikk 1, Helse Bergen
Fjøsangerveien 36
5053 Bergen