Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Voss sjukehus har ledig ledig vikariat frå 04.03.2024 eller etter avtale og til 28.02.2025 for Lege i spesialisering 2 i indremedisin eller ledig vikariat for cand.med. For LIS2 kan vikariata telje som del av spesialistutdanninga. Det er gode moglegheiter for overlegestilling etter fullført spesialisering. Dersom det ikkje er kvalifiserte søkjarar til sillingane som LIS2 kan det vere aktuelt å tilsetje cand.med. Cand.med vikariat høver godt for lege som har fullført medisinstudiet og ventar på LIS1 teneste. Ta gjerne kontakt ved spørsmål. 

Voss sjukehus har utdanningsansvarleg overlege, og Medisinsk avdeling har strukturert LIS2 utdanning etter den nye ordninga i samarbeid med Helse Bergen.
Stillingane inngår for tida i 8-delt vaktordning.

Voss sjukehus er ein del av Helse Bergen HF og har tett fagleg samarbeid med avdelingane ved Haukeland universitetssjukehus. Sjukehuset har gode støttetenester innanfor anestesi, intensiv/rec., radiologi med CT- og MR lab., fysioterapiavdeling og laboratorium med blodbank. Voss sjukehus har full akuttberedskap innan medisin, kirurgi, føde, gynekologi og anestesi. Sjukehuset har hatt aktivitetsvekst og ønskjer å fortsette den positive utviklinga. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar, fordelt på seks kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar frå Sogn og frå Hardanger.

Voss herad har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og - aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.

Å bu og jobbe på Voss

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver LIS2

  • Deltar for tida i 8-delt vaktplan
  • Visitt
  • Poliklinikk
  • Den som blir tilsett som Lege i spesialisering vil få ein personleg rettleiar og tar del i det regulære utdanningsprogrammet i avdelinga
  • Forholda blir lagt til rette for deltaking i undervisning og kurs
  • Rettleiing av LIS1

Arbeidsoppgåver cand.med

  • Delta i utgreiing og behandling av medisinske pasientar på sengepost
  • Samarbeide med ulike yrkesgrupper i sjukehuset

Kvalifikasjonar

Kvalifikasjonar LIS2

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS2-stilling i generell indremedisin
  • Den som blir tilsett må meistre norsk språk både skriftleg og munnleg
  • God skriftleg dokumentasjonsevne
  • Det blir lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring

Kvalifikasjonar cand.med.

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Meistre norsk språk, både skriftleg og munnleg
  • Kjennskap til Dips Arena og Meona er ein fordel, men opplæring vil bli gitt

Personlege eigenskapar

  • Du har interesse og motivasjon for fagfeltet
  • Du kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor pasientar og andre samarbeidspartnarar
  • Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta på jobb
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper
  • Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende. Kan delegere og følgje opp delegerte oppgåver

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Høgt fagleg miljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Voss sjukehus vil kunne hjelpe til med passande bustad

Ta gjerne kontakt ved spørsmål om stillinga. 


Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.  

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Turid Fjose
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 56533500
E-post: turid.fjose@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Voss sjukehus / Voss Medisinske legar, Helse Bergen
Sjukehusvegen 16
5704 Voss