Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Ønsker du å bli ein del av eit fagfelt i rivande utvikling, der du som lege kan utvikle og må bruke din samla kompetanse innan både rus- og avhengigheitsmedisin, psykiatri, og somatikk? Ønsker du å jobbe i eit stort og godt arbeidsmiljø for legar, der arbeidstider er familievennleg og lønnsvilkåra er gode? I så fall bør du søke på denne stillinga hos oss.

Avdeling for rusmedisin har etablert seg som ein stor og framoverlent nasjonal aktør innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB). Avdelinga tilbyr heile spekteret innan rusbehandling. Les meir om oss her.

Avdeling for rusmedisin er godkjend for heile utdanningsløpet i rusmedisin. LIS går inn i ei rotasjonsordning med teneste ihht. spesialistkrava. Gode moglegheiter for overlegestilling etter fullført spesialisering. Vi har ledig faste stillingar og vikariat i 6 månader med mogleg forlenging. Dersom det ikkje er kvalifiserte søkarar til LIS 2/3 vikariata kan også cand.med vere aktuell for desse.

For fast tilsetting gjeld følgande: Vi tilbyr spesialistutdanning som dekker heile utdanningsløpet i rus- og avhengigheitsmedisin. Det vises for øvrig til utdanningsplan. Etter fullført spesialisering, vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist. 

For vikariat gjeld følgande: Vikariatene kan tene som del av spesialistutdanninga i blant annet psykiatri eller allmennspesialiseringen. Vi har mulighet for fleksibilitet iforhold til oppstart og varighet. Stillingane passar godt som del i allmennspesialiseringsløpet. Ta gjerne kontakt for meir info.

Vi vil tilsette fortløpande. 

Arbeidsoppgåver

  • Postarbeid og arbeid ved poliklinikk med utgreiing og behandling av samtidige ulike rus- og avhengigheitslidingar, psykiatrisk og somatisk sjukdom
  • Deltaking i ansvarsgrupper med primærhelsetenesta og sosialtenesta
  • Mottak, undersøking og behandling av pasientar som blir lagd inn på tvang
  • Poliklinisk oppfølging av LAR pasientar

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3 stilling i rus- og avhengigheitsmedisin
  • For vikariat kan Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 kan òg søke og vil bli vurdert dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkarar
  • Det blir lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring
  • Du må meistre norsk, både munnleg og skriftleg (det er krav at ein kan dokumentere kunnskapar i norsk språk tilsvarande Bergenstesten)
  • God skriftleg dokumentasjonsevne

Personlege eigenskapar

  • Vi søker deg som ønsker å jobbe med pasientar med krevande og komplekse sjukdomstilstandar over tid
  • Vi ønsker deg som kan arbeide sjølvstendig, men som søker råd ved behov, og som kan fungere godt i ei tverrfagleg arbeidsform
  • Du bør ha interesse for eit breitt spekter av somatiske, rusmedisinske og psykiatriske sjukdomstilstandar og korleis desse verkar inn på kvarandre

Vi tilbyr

  • Rettleiing av erfarne overlegar
  • Rekruteringstillegg 
  • Variert, utfordrande og lærerik teneste
  • Lønn etter gjeldande overeinskomst
  • Ei god pensjonsordning
  • Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod
  • Arbeidstid hovudsakleg 08.00-16.00

 

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.  

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktpersoner
Navn: Pia Kloster
Tittel: Utdanningsansvarleg overlege
Telefon: 41015858
E-post: pia.kloster@helse-bergen.no
Navn: Therese Marlen Svendsen
Tittel: Seksjonsleiar LIS
Telefon: 97873779
E-post: therese.marlen.svendsen@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Avdeling for rusmedisin (AFR), Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5009 Bergen