Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Om stillinga
I denne stillinga som er 100 % fast vil du arbeide som lege med arbeid på dagtid mandag til fredag ved Nordhordland legevakt. Du jobbar sjølvstendig, eller saman med ein annan legekollega, og du inngår i eit team av dyktige legar og erfarne sjukepleiare. Du har vakt i lokala til NHLV og rykker ut til hendingar der det er behov.

Om Nordhordland legevakt
Nordhordland legevakt er lokalisert i moderne lokaler på Helsehuset i Knarvik. På dagtid er legevakta hovudsakleg for Alver kommune. På kveld, natt og helg er legevakta interkommunal for 7 kommunar. Innbyggjartalet i vaktdistriktet er om lag 45.000. Det er normalt 2 legar på vakt, og 2- 4 sjukepleiare, avhengig av tidspunkt på døgnet. NHLV er veldriven, med høgt kvalifiserte medarbeidarar.

Nordhordland legevakt har om lag 24 årsverk i faste stillingar. Legearbeidet blir utført av fastlegar og andre legar med hovudstilling andre stader i eller utanfor kommunane. Gjennom eit år er om lag 100 medarbeidarar knytt til legevakta. Legevaktsentralen er bemanna av sjukepleiarar.

Nordhordland legevakt (NHLV) er organisert som ei av tre avdelingar under tenesteområde lege- og rehabilitering.

Arbeidsoppgåver
  • Undersøke, vurdere og behandle pasientar som oppsøkjer legevakta.
  • Ivareta funksjon som vaktlege kobla til nødnett
  • Bidra til god samhandling mellom øvrig personell, fastlegar, ambulanse og andre aktørar

Kompetansekrav
  • Autorisasjon som lege.
  • Gjennomført LIS1 - teneste 
  • Erfaring frå legevakt og kommunale helsetenester, eller anna relevant erfaring
  • Du er vaktkompetent, eller er villig til å bli det
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og muntleg
  • Førarkort klasse B
Dersom du har gjennomført akuttmedisinkurs og er vaktkompetent er dette eit føremon. 

Kven er du?
Vi søkjer etter ein lege som har gode kommunikasjonsevner både med pasienter og kolleger. Vi ønskjer at du er løysingsorientert og kan snu deg raskt i ein spennande og travel arbeidskvardag. Som lege på legevakten er det viktig at du er robust og kan tåle skiftet mellom dei akutte situasjonane, og meir vanlege konsultasjonar.

Vi tilbyr
  • Stor grad av variasjon og sjølvstende i arbeidet 
  • Eit svært kompetent og breidt fagmiljø i Helsehuset
  • Løn etter avtale
  • Arbeidstid på dagtid i vekene

Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune, sjå video HER 
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Kommunal lege
Arbeidsgiver
Alver kommune
Kontaktperson
Navn: Grethe Valdersnes
Tittel: Leiar Nordhordland Legevakt
Telefon: +47 97592151
E-post: grethe.helen.valdersnes@alver.kommune.no
Arbeidssted
Kvernhusmyrane 25
5914 ISDALSTØ