Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune har ledig 100% fast stilling som avdelingsoverlege. Vi søkjer deg som har hjarte for eldreomsorg, og ønskjer å jobbe i eit engasjert, positivt, og inspirerande team!
Arbeidsstad
Arbeidsstad er ved Pleie- og omsorgstenesta ved Luranetunet bu- og behandlingssenter (LBBS) på Os, med kort reiseveg frå Bergen. Nokre dagar i månaden er tilknytt Fusa bu-og behandlingssenter i Eikelandsosen.  LBBS har to korttidsavdelingar og åtte langtidsavdelingar med til saman ca 175 bebuarar. Vi har òg ein ny og flott innebygd tropehage på 1300 m2, der temperaturen er behageleg heile året.  

Fusa bu-og behandlingssenter (FBBS) har ein miljøavdeling for personar med demens, ein bu avdeling og ein korttids-og rehabiliteringsavdeling med til saman ca 40 bebuarar. Vi har og 3 kommunale ØH-senger innen somatikk, rus og psykiatri, 2 på LBBS og 1 på FBBS. Kortidsavdelingane er for pasientar som treng vidare behandling etter sjukehusopphald (opptrening, vidare medisinsk behandling, rehabilitering), eller palliative pasientar med behov for lindrande behandling. Vi tar imot heimebuande som treng avlastning eller medisinsk utgreiing.
Arbeidsoppgåver
  • Personalansvar med oppfølging av ALIS, LIS-1, medisinstudentar og tilkallingsvikarar (kartlegging av bemanningsbehov, utlysning, tilsetting, oppfølging av tilsette, timelister m.m) 
  • Turnusarbeid, dagleg drift, fråværsdekning, ferieturnus m.m 
  • Økonomi/budsjett 
  • Samarbeid med andre kommuneoverlegar og leiare i leiargruppa. Involvering i organisasjonsutvikling og planarbeid
  • Samarbeid med avdeling for forvaltning og koordinering, deltagelse på samarbeidsmøter
  • Kompetanseheving og fagutvikling i sjukehjemsmedisin
  • Medisinsk ansvarleg for ØHD i Bjørnafjorden kommune
  • Prosjektarbeid  
  • Deltager i fagmøter og kvalitetsarbeid ved LBBS/FBBS
  • Medisinsk rådgjevar for einingsleiar, avdelingsleiare og øvrig helsepersonell ved LBBS og FBBS
  • Ansvar for veiledning og supervisjon av legar under utdanning (ALIS og LIS-1)
  • Kan om ønskjeleg delta i legevaktsordninga
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege 
  • Spesialist innan allmennmedisin eller geriatri. Dersom den rette kandidaten søkjer, kan leger i spesialisering vurderast for stillinga
  • Leiarerfaring frå sjukehjem 
  • Søkjar må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg 
  • Gyldig politiattest må leggjast fram
Personlege eigenskapar
  • Vi søkjer deg som har erfaring, interesse og engasjement for feltet sjukeheimsmedisin  
  • Du har fokus på medisinsk behandling som gir god livskvalitet 
  • Du er ansvarsbevisst, fleksibel, positiv og har gode samarbeidsevner   
  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert 
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar

Vi tilbyr
  • God konkurransedyktig lønn
  • Tilrettelegging for å oppnå godkjenning i kompetanseområdet alders- og sjukeheimsmedisin
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Faglege og personlege utfordringar i eit raust, kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø 
  • Ein svært meiningsfull jobb med varierte og spennande arbeidsdagar 
  • Interundervisning sammen med øvrige kommunalt tilsette legar 
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Kommunal lege
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune
Kontaktperson
Navn: Åshild Lussand Sønsteby
Tittel: Einingsleiar
Telefon: +47 484 25 811
Arbeidssted
Luranetunet bu og behandlingssenter
Solstrandsvegen 39
5200 OS