Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vi har ledige stillingar for Lege i spesialisering innan Øre-Nese-Hals sjukdomar

100% fast stilling frå 01.04.24
100% vikariat frå 01.04.24 - 01.04.25 med mogelegheit for forlenging.
100% vikariat frå 01.04.24 - 01.04.26

Ved interne omrokkeringar og endringar kan andre stillingsbrøkar verte ledige. 

ØNH-seksjonen har 5 overlegar og 4 LIS, og omfattar også hørselssentral og audiopedagogisk eining. Seksjonen dekker eit breidt kirurgisk spekter, bl.a. mellomørekirurgi, bløtdelskirurgi, nese-bihule-operasjoner, larynks og plastisk ansikt skirurgi. Det finnst eit tett samarbeid med barneavdeling herunder barne/nyfødtintensiv
og kreftavdeling. 

LIS har eiga vaktordning. Det er lagt opp til at LIS får utvikle ferdigheiter i heile faget si bredde. Utdanningsløpet er lagt i kooperasjon med ØNH-avdeling ved St. Olavs universitetssjukehus i Trondheim.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid på poliklinikk
  • Sengepostarbeid
  • Operasjonar i lokal- og generell anestesi
  • LIS har eigen vaktordning

Kvalifikasjonar

  • Erfaring innan ØNH-fag og ev andre fag kan vere relevant
  • God muntleg og skriftleg norsk kunnskap
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning

Personlege eigenskapar

  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevnene
  • Du er strukturert og imøtekommande
  • Du er pasientorientert
  • Du har gode samarbeids eigenskapar
  • Du er engasjert

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Det kan bli aktuelt med rotasjon til andre sjukehus i regionen for å oppnå læringsmål knytt til spesialistutdanninga slik det framgår av offentleg utdanningsplan. Dette vil også framgå av din individuelle utdanningsplan. 

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering. 

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Lars Friedrich Duwe
Tittel: Sekjsonsoverlege
Telefon: 70105271
E-post: Lars.Friedrich.Duwe2@helse-mr.no
Navn: Monika Dahl Berget
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 70105271
E-post: Monika.Berget@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
ØNH Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5
6017 Ålesund