Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Vi søkjer spesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering i 100% stilling til FMR poliklinikk, Førde sentralsjukehus (FSS).

Er du spesialist i Fysikalsk medisin og har lyst til å vere med å påverke dette allsidige og spanande fagfeltet si utvikling har vi rette stilling for deg.

Overlegestillinga er forankra i tverrfagleg poliklinikk, og sengepost som er i opptrapping i samband med innflytting i nytt sjukehusbygg på seinsommaren. I poliklinikken har ein dei tradisjonelle pasientgruppene, fokus på konkrete intervensjonar og funksjonsauke, og i tillegg samarbeid med NAV om Helse i Arbeid. Helse Førde sin Smertepoliklinikk er også organisert i same seksjon.  

I avdelinga har vi siste åra hatt fleire innovative prosjekt som har vunne fram i nasjonale tildelingar, utmerkingar og positiv medieomtale. Det er gode sjansar for at nettopp du vil trivast godt hjå oss. Både i klinisk arbeid, utforming av nye metodar, bruk av ny teknologi, forsking og akademika, og trivelege kollegar og godt arbeidsmiljø har vi mykje å tilby. I vårt sjukehus opplever vi også at vegen til drøftingar og samarbeid med andre fagområder er kort. Vi har til saman fire legestillingar, der tre av desse er besett, ein er forventa ferdig overlege våren 2024.

Nærområde til sjukehuset har mykje å tilby innan friluftsliv, idrett, kultur og andre opplevingar. 

Den som vert tilsett vil tre inn i rolle som utdanningsansvarleg overlege med rettleiing til LIS, og medisinskfagleg rådgjevar.

Oppstart stilling: etter nærare avtale 

Arbeidsoppgåver

  • Ordinært klinisk pasientarbeid 
  • Deltaking i fagleg utvikling
  • Samarbeid internt og eksternt 
  • Undervisning knytt til pasientopplæring og intern kompetanseutvikling
  • Ikkje vaktordning

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer spesialistlege med interesse for tverrfagleg samarbeid og erfaring frå spesialisthelsetenesta.
  • Relevant erfaring med samansette muskel- og skjelettplager, smerter, arbeidsretta rehabilitering og tverrproffesjonelt arbeid er ønskjeleg
  • Gode kommunikative og norskspråklege ferdigheiter 

Utdanningsretning 

  • Spesialist fysikalsk medisin og rehabilitering 

Personlege eigenskapar

  • Engasjement for fagfeltet og pasientgruppa
  • Ønskje om å bidra til å vidareutvikle kompetansen og tilbodet i eigen seksjon
  • Profesjonelt, empatisk, imøtekommande og omsynsfull i møte med pas. og kollegar
  • Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø med varierte oppgåver i riktig omfang
  • Kompetent tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Moglegheit for fagleg utvikling
  • Helse Førde kan vere behelpeleg med å skaffe bustad nær sjukehuset

 

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktpersoner
Navn: Stig Igland
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: (+47) 906 32 871
Navn: Are Mikael Lillebø
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: (+47) 988 52 113
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Læring, meistring, fysikalsk medisin og rehabilitering, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 Førde