Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

- ei avdeling der utvikling og innovasjon er del av den daglege drifta
Radiologisk avdeling er ei viktig medisinsk serviceavdeling som tilbyr bildediagnostiske undersøkingar. Fagområdet har hatt ei rivande utvikling innan innovasjon og digitalisering. Dei er først ute med bruk av kunstig intelligens og fulldigitalisering av tenestene. Det er ein stadig aukande aktivitet og kloke val har høgt fokus. Avdelinga har om lag 353 tilsette og ei kostnadsramme på 456 millionar kroner. Som avdelingsdirektør vil du leie dyktige og engasjerte fagfolk og du evner å sette i verk tiltak og prosessar gjennom godt samarbeid.

Om Radiologisk avdeling 
Majoriteten av pasientane som blir innlagde på Haukeland universitetssjukehus er innom Radiologisk avdeling. Avdelinga er godt utstyrt med mellom anna moderne MR-maskinar, CT-maskinar og utstyr for PET og produksjon av tracere. Sjå her for dei ulike einingane ved avdelinga. 

Radiologisk avdelinga legg vekt på ny teknologi, utvikling og innovasjon. I samarbeid med sjukehuset sitt
e-helse miljø og det regionale teknologiselskapet arbeider avdelinga aktivt for
at løysingane avdelinga tar i bruk skal vere gode og stabile, og for å få til
gode integrasjonar og effektive arbeidsprosessar. 

Som avdelingsdirektør ønsker du å vidareutvikle avdelinga mot framtida og du forstår balansen mellom god drift, forsking og utvikling.

Det er høg forskingsaktivitet ved avdelinga. Kunstig intelligens endrar måten vi i framtida vil arbeide på
innan radiologi. Dette er områder avdelinga, i
samarbeid med interne og eksterne forskingsmiljø prioriterer.  

Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen etablerte våren 2017 Senter for Medisinsk visualisering med støtte frå Trond Mohn Stiftelse. Den faglege målsettinga til senteret er å forske på nye metodar innan kvantitativ avbilding og interaktiv visualisering for å varsla endringar hjå friske og sjuke menneske. Les meir her og på Mohn Medical Imaging and Visualization Centre - MMIV

Vi søker ein avdelingsdirektør som:  

  • bidrar til vidareutvikling av god drift, teknologisk utvikling og organisering av klinikken gjennom godt leiarskap  
  • ønsker å vere ein god samarbeidspartnar for einingane på sjukehuset, for sjukehusa i regionen og nasjonalt  
  • bidrar med overordna perspektiv i utvikinga av radiologiske tenester i vårt opptaksområde  
  • bidrar til å oppretthalde og vidareutvikle den høge aktiviteten innan forsking og utdanning ved klinikken  

Som direktør vil du rapportere til administrerande direktør og vere ein del av føretaksleiinga ved Haukeland universitetssjukehus. Ta gjerne kontakt for ytterlegare informasjon.  

Arbeidsoppgåver

  • Sikre rett utvikling av aktivitet gjennom medisinsk prioritering og kloke val
  • Vere ein aktiv bidragsytar for å legge til rette for vår felles helseteneste
  • Leie strategi-, verdi- og haldningsarbeid
  • Totalansvar for økonomi, personale, drift, fag og kvalitet
  • Samhandlar med andre einingar på sjukehuset, primærhelsetenesta private aktørar samt universitet og høgskular
  • Bidra til at medarbeidarar er engasjerte med ønske om kontinuerleg å forbetre eigen arbeidskvardag
  • Legge til rette for opplæring, utdanning og forsking
  • Medansvar for å bidra til at føretaket når sine mål 

Kvalifikasjonar

  • Helsefagleg, medisinsk-, eller anna relevant høgare utdanning 
  • Relevant leiarerfaring og/eller leiarutdanning/-kurs
  • Erfaring frå leiing av forskingsdriven utvikling og innovasjon
  • Erfaring frå tverrfagleg samarbeid og samarbeid med universitet og høgskular  
  • God kunnskap om spesialisthelsetenesta, våre oppdragsgivarar og samarbeidspartnarar 
  • God kunnskap og erfaring innan forbetringsarbeid og -prosessar 

Personlege eigenskapar

  • Inspirerande, involverande og handlekraftig
  • Overordna styrings- og gjennomføringsevne 
  • Resultat, økonomi- og organisasjonsforståing 
  • Strukturert og planmessig i arbeidet 
  • Robust med evne til å være tydeleg og synleg  
  • Viser sjølvinnsikt og klokskap i leiarrolla 
  • Balanserer refleksjon og analyse med handlekraft  

Vi tilbyr

  • Ei spennande og utfordrande leiarstilling i eit sjukehus med stort fokus på kvalitetsforbetring og pasienttryggleik
  • Gode forsikringsordningar og ei av landets beste pensjonsordningar
  • Lønn etter avtale


Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Avdelingsleder
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Tove Huse Bjerkevoll
Tittel: Rådgivar innan leiarrekruttering
Telefon: 48073834
E-post: tove.huse.bjerkevoll@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Haukeland universitetssjukehus - Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22
5021 Bergen