Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.

Medisinske legar Kristiansund har behov for vikarer for LIS 1 i perioden f.o.m. veke 22 t.o.m. veke 35.  Evt opplæring Helseplattformen (HP) kan bli tidligare. Vennligst oppgi i søknaden om du har erfaring med HP. Oppgi også i søknaden din om du kan starte tidligare enn ferieperioden. 

Informasjon til søkjaren
Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikken sitt behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Kvalifikasjonar

  • Legeautorisasjon, cand. med. eller medisinstudent med lisens
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
  • Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
  • Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn i henhold til gjeldande overeinskomst

For meir informasjon om vår region, sjå Visit Møre og Romsdal

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Inger Stokke
Tittel: Konst. seksjonsleiar
Telefon: 41928023
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinske legar Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei 1
6508 Kristiansund