Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kirurgisk avdeling, Førde sentralsjukehus har ledig fast stilling som LIS2/3 i generell kirurgi per 01.03.2024. 

Kirurgisk avdeling ved FSS er ei aktiv avdeling med følgjande spesialitetar: Urologi, gastroenterologisk kirurgi, generell kirurgi, plastikkirurgi, bryst- og thyreoideakirurgi.

Det er 3 stillingar for urolog, 5 for gastrokirurg/mamma- og thyreoideakirurg og ein plastikkirurg. Det er 7 stillingar for LIS2/3 med 7-delt tilstadesvakt bak LIS1 med overlege i tertiærvakt.

Avdelinga har godt arbeidsmiljø og godt samarbeid mellom alle legar både over- og underordna og med pleiepersonalet. Kirurgisk sengepost har 34 senger.
Avdelingssjef er næraste overordna.

Meir informasjon om Helse Førde finn du her.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid som LIS2 med vaktteneste tilstades bak LIS1 med overlege i tertiærvakt
  • Poliklinikk etter kvalifikasjon og operativ aktivitet etter erfaring 
  • Delta i drift av sengepost og forefallende adm. arbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege med interesse for kirurgi
  • Erfaring i faget blir vektlagt
  • Må beherske norsk språk godt, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Samarbeidsevne
  • Evne til å arbeide med menneske med akutt og kronisk sjukdom
  • Kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt  

Vi tilbyr

  • Løn etter overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Sjukehuset hjelper til med å skaffe bustad.

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktperson
Navn: Frøydis Hustveit
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: (+47) 906 90 835
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Kirurgisk avdeling, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 Førde