Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig 2 faste stillingar som lege i spesialisering i radiologi. Vikariat av kortare varighet kan også bli aktuelt. 

Radiologisk avdeling er ei høgteknologisk avdeling i stadig utvikling. Avdelinga har ein ny og moderne utstyrspark og eit eige senter fornukleærmedisin og PET. Vi har 6 MR-maskinar, 6 CT-maskinar. Vi nyttar SectraPACS og RIS. Det er til ein kvar tid tilknytta Ph.d-stipendiatar til avdeling, og avdelinga deltar i både nasjonale og internasjonale forskingsnettverk. Avdelinga har fokus på HMS og kvalitetsarbeid.

Avdelinga er inndelt i 7 legeseksjonar:
*  Seksjon for Barneradiologi
*  Seksjon for Uro/kar/intervensjonsradiologi
*  Seksjon for Gastroenterologisk og onkologisk radiologi
*  Seksjon for Thoraxradiologi
*  Seksjon for Mammaradiologi og screening
*  Seksjon for Nevroradiologi
*  Seksjon for Ortopedisk radiologi

LIS har teneste på alle seksjonar, rotasjon kvar 6 månad. Nye LIS vil ha ein opplæringsperiode på 12 veker før dei startar i vakt. Stillingane inngår for tida i ei 16-delt vaktordning. Viser elles til Helsedirektoratet sin utdanningsplan for spesialiteten. For fast stilling gjeld: Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid på seksjonane, beskriving av undersøkingar, vurdering av tilvisingar og demonstrasjonsførebuing saman med overlege
  • Relevante prosedyrar som tilhøyrer dei ulike seksjonane, etter opplæring og under supervisjon
  • Arbeid på ultralyd og i Mottaksklinikken etter gjeldande plan
  • Vaktarbeid, for tida i 16-delt tilstadevakt
  • Du vil få personleg rettleiar og delta i avdelinga sitt utdanningsprogram, inkludert internundervisning
  • Deltaking i undervisning og kurs relevante for spesialiteten

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS stilling i Radiologi
  • Søkarar må ha gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta på jobb
  • Du har interesse og motivasjon for fagfeltet
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper i og utanfor avdelinga
  • Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende. Du følger opp delegerte oppgåver
  • Du kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Triveleg arbeidsmiljø i ei travel avdeling

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Eric Alexander Resnes
Tittel: Overlege
Telefon: 55970907
E-post: eric.alexander.resnes@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Radiologisk avdeling, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen