Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Vil du vere med og etablere Regionalt senter for kjønnsinkongruens (RSKI) i Helse Bergen?

Med oppretting av RSKI i regionane Vest, Midt, Nord og Sør-Øst er det nasjonale tenestetilbodet til barn og unge med kjønnsinkongruens i ein spennande utvikling. Vi søker deg som er interessert i å bidra til vidare utvikling av eit godt, helhetlig helsetilbod til målgruppa. 

Vi søker etter ein lege til senteret, gjerne med spesialisering i pediatri, endokrinologi, allmennmedisin eller barne- og ungdomspsykiatri. Legar i spesialisering er også velkomne til å søke. 

RSKI er i etableringsfasen. Vi skal gi et helsetilbod i Helse Vest til pasientar under 18 år og deira nærståande. Senteret skal ha ein koordinerande rolle i pasientforløpet opp mot Nasjonal behandlingsteneste for kjønnsinkongruens ved OUS, og deltar i nasjonalt fagleg utviklingsarbeid. I tillegg er utvikling av regionale faglege standardar ein sentral oppgåve for senteret, som også leier det regionale kompetansenettverket for kjønnsinkongruens i Helse Vest. 

RSKI er organisert under Barne- og ungdomsklinikken (BUK) i samarbeid med Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU). Senteret er lokalisert i Glasblokkene på Haukeland universitetssjukehus. Senteret består i dag av koordinator/psykolog (100%) og psykologspesialist (50%).

Barne- og ungdomsklinikken ved Haukeland universitetssjukehus er landets nest største klinikk for barn og unge. Vi har både lokale, regionale og nasjonale oppgåver og dekker alle områda innan barnesjukdommar. Vi har årleg om lag 4000 medisinske pasientar i alderen 0 til 18 år innlagd, og avdelinga har om lag 30 000 polikliniske konsultasjonar. Vi har eit breitt tilbod innan utgreiing, behandling, oppfølging og habilitering av ulike sjukdommar.

    Arbeidsoppgåver

    • Inngå i tverrfagleg team
    • Medisinskfagleg ansvarleg 
    • Utvikle og evaluere helhetlig pasientforløp regionalt og nasjonalt, inkludert forsking
    • Drive kompetanseutvikling i regionen

    Kvalifikasjonar

    • Vere spesialist eller under utdanning i pediatri, endokrinologi, allmennmedisin eller barne- og ungdomspsykiatri. Andre spesialitetar er også av interesse
    • Må ha evne til å jobbe sjølvstendig og i tverrfagleg team
    • Kompetanse innan eller interesse for kjønnsmangfold
    • Kompetanse innan sexologi er ein fordel
    • Ved tilbod om tilsetting må ein legge fram godkjend politiattest (vandel) jf. Lov om helsepersonell § 20a

    Personlege eigenskapar

    • Du må ha eit stort engasjement for barn og unge
    • Du må ha vilje og evne til samarbeid både internt og eksternt
    • Du er interessert i å bidra i et fagfelt under utvikling
    • Du er tillitskapande og omgjengeleg, og god til å bygge relasjonar
    • Du har ein løysingsorientert tilnærming, ein positiv og engasjert haldning
    • Du må ha evner til å både arbeide sjølvstendig og i tverrfagleg team  

    Vi tilbyr

    • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Legg til rette for spesialiseringsforløp og kompetanseheving


    Mangfaldserklæring
    Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

    Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
    Stillingskategori
    Lege i spesialisering
    Arbeidsgiver
    Helse Bergen HF
    Kontaktpersoner
    Navn: Karin Birgitta Tylleskär
    Tittel: Klinikkoverlege
    Telefon: 55975246
    Navn: Runa Kongsvik
    Tittel: Koordinator Regional senter for kjønnsinkongruens (RSKI)
    Telefon: 41701531
    E-post: runa.kongsvik@helse-bergen.no
    Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
    Arbeidssted
    Barne- og ungdomsklinikken, Helse Bergen
    Jonas Lies vei 79
    5053 Bergen