Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Er du psykiater, eller snart ferdig med spesialiseringa, og på utkikk etter nye utfordringar? Då kan det vere verdt å stoppe opp her!

Vi har ledig stilling som overlege/ psykiater ved Avdeling for sykehuspsykiatri Sunnmøre - Seksjon for Akutt psykisk helse frå snarast/startdato kan avtalast.

Seksjon Akutt psykisk helse Ålesund er delt i to team, Team A og Team B som samarbeider tett. Team A er psykiatrisk mottak ved Ålesund sjukehus og team B har en subakutt funksjon. Vi er no i ein prosess med å få samla Akuttpostane i ei eining og i nye lokaler, og det vil då ikkje vere oppdelt i to team slik som per i dag. Det er utarbeida planer for korleis denne seksjonen skal vere, og vi går inn i en spennande prosess med å få samla fagmiljøet og bygge opp ei sterk akutteining her i avdelinga. 

Akutt psykisk helse Ålesund har 4 overlegestillingar fordelt på de to teama. Team A, som denne stillinga er knytta til, har allereie ein svært dyktig overlege hos oss, men han treng ein ny kollega. Seksjonen tilbyr oppstart av behandling i akutte fasar av alvorleg psykisk sjukdom. Samhandling med pasient, pårørande, interne og eksterne samarbeidspartnarar er viktig i pasientforløpet.

Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre inneheld forøvrig 6 seksjonar: Akutt psykisk helse Team A og Team B, som kvar har 6 senger, Lokal sikkerhetspsykiatri HMR, Utgreiing og behandling, Alderspsykiatri og Spesialisert habilitering.

Arbeidsoppgåver

  • Mottak, utgreiing, diagnostisering og behandling/stabilisering av mennesker i akutt krise
  • Fagleg utviklingsarbeid, undervisning, rettleiing og tverrfaglig samarbeid
  • Individualterapi og pårørandesamtalar
  • Deltaking i vaktordning

Kvalifikasjonar

  • Du har godkjent norsk spesialitet innan psykiatri
  • Vi ynskjer psykiatere med erfaring frå arbeid innan vaksenpsykiatri
  • Det er ynskjeleg at du har brei klinisk erfaring, eksempelvis innan psykisk helsevern, og/eller rusfeltet og arbeidserfaring frå sengepostar innan vaksenpsykiatrien
  • Du må meistre norsk både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du er ein person som er nytenkjande og endringsorientert
  • Du har gode evner til å kommunisere, både med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du er ein miljøskapar der det faglege- og sosiale miljøet kan vekse og utviklast
  • Du er ein lagspelar, men sjølvstendig nok til å stå på eigne bein når det trengs
  • Du har evne til å tåle stress og stå i krevende situasjoner
  • Du har evne til å samarbeide på tvers av ulike fagmiljøer
  • Du har interesse for forbetringsarbeid/forskning innan akuttpsykiatri
  • Personlig egnethet vektlegges

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Andreas Trædal
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 70106555
E-post: andreas.traedal@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Akutt psykisk helse Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Ålesund sjukehus
6026 Ålesund
Søk på stillingen