Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kreftavdelinga ved Helse Førde har følgjande stillingar ledig:

  • 1 x 100% fast stilling for lege i spesialisering hematologi
  • 1 x 100% vikariat for lege i spesialisering onkologi fom 01.03.2024 tom 28.02.2026

På stillingane kan også LIS1-ventarar søkje som vikar.

Kreftavdelinga har ansvar for medikamentell kreftretta behandling for innbyggjarane i tidlegare Sogn og fjordane (ca 110 000 innbyggjarar)
Avdelinga består av sengepost med 13 senger og poliklinikk. Avdelinga har pasientar innan fagområda onkologi,
hematologi og palliasjon

Avdelinga er godkjent for spesialistutdanning innan onkologi og hematologi, gruppe 2-teneste, og for kompetanseområdet palliasjon. For fullstendige
utdanningsløp, har ein avtale internt for gruppe 2-teneste og eksternt for gruppe 1-teneste (HUS).

Det er ei gradvis utvikling mot sjølvstendig funksjon innan definert fagområde.
Avdelinga har 7 overlegar, fire LIS-stillingar herav to innan onkologi, to innan hematologi og ei utdanningsstilling innen palliasjon.

LIS inngår i femdelt vaktplan kl. 16:00 - 19:00
mandag til fredag og kl. 09:00 - 14:00 helg og helligdagar.

Arbeidsoppgåver

  • Oppgåvene vil bestå i drift av sengepost og poliklinikk saman med overlege
  • Behandling og oppfølging av pasientar med kreftsjukdom og deira pårørande
  • Deltaking i undervisning, fagleg utviklingsarbeid og tenesteutvikling

Kvalifikasjonar

  • Må kunne framlegge norsk autorisasjon
  • Beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg då dette er avgjerande for trygg og god pasientbehandling

Personlege eigenskapar

  • Kompetanse, erfaring og eignaheit vert vektlagt
  • Vi vil gjerne ha ein medarbeidar som har høg arbeidskapasitet, er fleksibel og har gode evner til samarbeid og kommunikasjon
  • Er imøtekommande og behandlar pasientar og pårørande profesjonelt og empatisk
  • Vilje til å bidra positivt til et fagleg og godt kollegialt miljø

Vi tilbyr

  • Ei avdeling med spennande og utfordrande fagmiljø
  • Kreftavdelinga har mål om høg fagleg kvalitet og godt arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Rekrutteringstillegg for LIS3

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktpersoner
Navn: Ingunn Solheim Terøy
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: (+47) 578 39 201 - 992 35 501
Navn: Jaroslav Bublevic
Tittel: Medisinskfagleg rådgiver
Telefon: (+47) 918 72 756
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Kreftavdelinga, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 Førde