Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen har fått i oppdrag frå Helse Vest, på vegne av Helse og omsorgsdepartementet, å leie eit nasjonalt arbeid med å sikre forsyningstryggleik av blod og blodprodukt i Noreg. Det er derfor etablert eit koordineringssenter for blodberedskap. Sentrale oppgåver for senteret er å vere eit interregionalt militært-sivilt samhandlingspunkt, etablere kurs og rutinar for sivil-militær blodberedskap, drive rådgiving rundt utarbeiding av beredskapsplanar, logistikk, retningslinjer og prosedyrar, utvikling av blodprodukt, med meir. Senteret rapporterer til det nasjonale fagdirektørmøtet med årsplan og årsrapport. Vi søkjer etter ein overlege som skal delta i dagleg drift av senteret.

Stillinga vil innebere samarbeid med helseføretak i heile landet samt med militære fagmyndigheiter. Senteret samarbeider med internasjonale partnarar i Norden og andre land.

Stillinga høyrer organisatorisk til Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin, Laboratorieklinikken.

Arbeidsoppgåver

  • Delta i den daglege drifta ved senteret
  • jamfør mandat gitt av dei regionale helseføretaka
  • Drive fagleg utviklingsarbeid
  • Delta i undervising og kursing i og utanfor regionen
  • Delta i etablering av nødblodgivarkorps, tappestasjonar og vandrande blodbankar
  • Delta i arbeid med militærmedisinsk transfusjonsmedisin
  • Bidra i senteret sin kvalitets-, innovasjons-, forskings- og utviklingsaktivitet
  • Aktivt utoverretta aktivitet med samarbeidspartnarar
  • Reising må påreknast

Kvalifikasjonar

  • Legespesialist i immunologi og transfusjonsmedisin. Andre legespesialistar kan vurderast dersom relevant erfaring innan beredskapsarbeid og/eller transfusjonsmedisin sivilt eller militært
  • Det er ønskeleg med erfaring og kompetanse innanfor områda blodgiving, blodprodukt og immunhematologi
  • Det er ønskeleg med erfaring og kompetanse på bruk av blodtransfusjon ved akuttmedisinske problemstillingar og i beredskap
  • Bør ha erfaring med undervisning
  • Det er ønskeleg med erfaring med kvalitets- og utviklingsarbeid inkludert beredskapsplanlegging
  • Det er ønskeleg med erfaring med prosjektarbeid og forsking
  • Det er ein fordel med kunnskap om militærmedisinsk transfusjonsmedisin
  • Bør meistre norsk og engelsk godt både munnleg og skriftleg
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Du har eit godt lag med folk, og får fram det beste i dine medarbeidarar
  • Du ivaretar dine medarbeidarar slik at alle kan ha ein trygg og god arbeidskvardag
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta, strukturert og er resultatorientert
  • Du har gode kommunikasjonsevner og arbeider godt både sjølvstendig og i team
  • Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
  • Du arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjona
  • Du viser fagleg tryggleik, tillit og respekt

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Eit aktivt og triveleg miljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Delstillingar kan vurderast


Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktpersoner
Navn: Einar Klæboe Kristoffersen
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 55974683
Navn: Torunn Oveland Apelseth
Tittel: Seksjonsoverlege
Telefon: 94842045
E-post: torunn.oveland.apelseth@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Laboratorieklinikken/ Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin (AIT), Helse Bergen
Jonas Lies vei 91
5053 Bergen
Søk på stillingen