Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Er du ein samfunnsengasjert lege som er, eller ønsker å bli, samfunnsmedisinar? Sykkylven kommune søker no etter ein lege til vår kommuneoverlegefunksjon.

Kommuneoverlegefunksjonen utgjer ei 50% stilling og kan kombinerast med 50 % stilling som fastlege  eller ev. 50 % institusjonslege.
Vi er oppteken av høg fagleg kvalitet, og ønsker oss ein spesialist i samfunnsmedisin eller som er under spesialisering i samfunnsmedisin. Det vert lagt til rette for slik spesialisering. Du vil arbeide både sjølvstendig og i tverrfaglege team.

Som kommuneoverlege skal du gi samfunnsmedisinske råd i folkehelsearbeidet, og vere med i utvikling av helsetenestene. Du vil også ha oppgåve inn mot psykisk helse, å ivareta miljø retta helsevern, smittevern og helseberedskap, og du er kommunen sin medisinsk-faglege rådgjevar. Vi vil legge vekt på at du er personleg godt eigna til jobben.

Du vil møte ein kommune som er i utvikling og er oppteken av å vere framtidsretta. Arbeidsoppgåvene er varierte og interessante. Sykkylven kommune skal etablere eit nytt helsehus der både heimetenester, psykisk helseteam og legesenter samlast og flyttar inn i nye lokale sommaren 2025.

Arbeidsoppgåver
 Følgjande oppgåver vil vere sentrale som kommuneoverlege:
  • Gi samfunnsmedisinske råd og bidra til tenesteutvikling i folkehelsearbeidet
  • Medisinsk fagleg rådgiving overfor den kommunale organisasjon
  • Faglig ansvar for miljørettet helsevern, smittevern og helseberedskap
  • Kommunal planlegging og arbeid med helseberedskap
  • Smittevern med oppgåver iht. smittevernlova med tilhøyrande forskrifter
  • Myndighetsoppgaver etter lov om psykisk helsevern
  • Ansvar for å organisere veiledning av LIS1 og LIS3/ALIS
  • Strategisk prioritering, fag- og kvalitetsutvikling
  • Bidra til god samhandling med spesialisthelsetjenesten og andre kommuner
 Allmennmedisinske arbeidsoppgåver
  • Generelle allmennmedisinske oppgaver, slik det følger lov, forskrift og avtaleverk. Liste lengden kan avtalest. 
  • Tverrfagleg samarbeid mellom dei kommunale einingane.
  • Bidrar til faglig utvikling av legesenter
  • Undervisning 

Kvalifikasjonar
  • Har offentleg godkjent norsk autorisasjon
  • Spesialist eller påbegynt spesialisering i samfunnsmedisin er å foretrekke, men andre leger med interesse for samfunnsmedisin oppfordres også til å søke
  • Relevant arbeidserfaring innen liknende stillinger er en fordel, og det er ønskeleg med erfaring i handtering av smittevernsaker, bekymringsmeldingar, helseberedskap på eit samfunnsmedisinsk nivå
  • God kjennskap til fastlegeordninga, kommunal organisering, planarbeid og sakshandsaming vil vere ein fordel
  • Gode norsk kunnskapar, god munnleg og skrifteleg framstillingsevne
  • Generell kunnskap om offentleg forvaltning
  • Gode digitale ferdigheiter

Personlege eigenskapar
  • Interesse og engasjement for samfunnsmedisin
  • Evne til å tenkje heilskapleg, førebyggande og tverrfagleg
  • Gode evner til samarbeid og kommunikasjon
  • Fleksibel og oppteken av endrings- og utviklingsarbeid
  • God arbeidskapasitet og fleksibilitet

Vi tilbyr
  • Et godt arbeidsmiljø
  • Varierte og interessante arbeidsoppgåver
  • Løn og arbeidsvilkår etter nærare avtale
  • Tilrettelegging for spesialisering i samfunnsmedisin
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Kommunal lege
Arbeidsgiver
Sykkylven kommune
Kontaktperson
Navn: Gulay Kar
Tittel: Einingsleiar Sykkylven Legesenter
Telefon: 47 47728672
E-post: gulay.kar@sykkylven.kommune.no
Arbeidssted
Sykkylven
Haugneset 20
6230 SYKKYLVEN