Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

På jakt etter eit inspirerande fagfelt, ei avdeling der "dørene står åpne" - og rykande fersk kaffe frå Moccamasteren? Les vidare, for nå er eit godt mannskap snart fulltalleg!

Du har fått høyre at du er nysgjerrig, analytisk og med eit godt fagleg skjøn? Då bør nevrologisk avdeling ved Molde sjukehus vere ditt førstevalg når vi no planlegg overgang frå 10-delt til 12-delt sekundærvaktsystem. Også du som ventar på turnusteneste kan søkje, så kjem du tilbake seinare!

Vi kan love fagleg breidde og berøringsflater mot både indremedisin og geriatri, dei andre "hode-hals-faga", ryggkirurgi og psykiatri. Mange av sjukdommane i hjerna og nervesystemet treff ein regelmessig i allmennpraksis – som ALS, Parkinson, MS, infeksjonar og svulstar, hodepine, hjerneslag og epilepsi. Anamnestisk detektivarbeid og klinisk undersøkjing gjev deg diagnosa som vert underbygd av funn ved spinalpunksjon, nevrografi, EMG, EEG og biletdiagnostikk. 

Hos oss er slagbehandling organisert med eigen seksjonoverlege i seksjonen. Vi er einaste vaktberande nevrologiske avdeling i Møre og Romsdal, med eit opptaksområde på 270.000 innbyggjarar.

I Molde får du tilgang på både fjord, fjell og det urbane. 45 minutt med direktefly til og frå både Oslo og Bergen, flyplassen ligg i byen. 

Sjukehuset ligg sentrumsnært, ingen pendling nødvendig. Eit moderne felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er innflyttingsklart på Hjelset ved Molde sommaren 2025, med bynær poliklinikksatellitt og tverrfagleg ryggpoliklinikk i eigne lokaler.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av nevrologiske sjukdommar i sengepost og poliklinikk/ dagpost
  • Du vil også kunne få innsikt i faget klinisk nevrofysiologi, - og sjå gjerne fram til samarbeid med seksjonens fire kliniske nevropsykologar

Kvalifikasjonar

  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Også du som ventar på turnusteneste er velkomen til å søkje
  • "Habemus papam" tydar for oss at vi kan tilsette fortløpande når nett du søkjar!

Personlege eigenskapar

  • Systematisk, tydeleg og løysingsorientert
  • Ganske enkelt ein god kollega

Vi tilbyr

  • Individuelt tilpassa opplæringsperiode utan vakt - og ein god plan for opplæring dersom HP vert "sjøsett".
  • Gode og gjennomarbeidde rullerande tjenesteplanar.
  • Fordjupningsdag annakvar veke. Ein arbeidskvardag som tillet lunsjpauser og tid til å vere a jour.

Dato for oppstart etter nærare avtale.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Bernd Muller
Tittel: Overlege nevrologi
Telefon: +4791328053
E-post: bernd.muller@helse-mr.no
Navn: Rikke Bendixen
Tittel: Ass. seksjonsleder
Telefon: +4745851037
E-post: Rikke.Bendixen@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Nevrologiske leger og klinisk nevrofysiologi SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Molde sjukehus
6412 Molde