Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Vi søkjer deg som ønsker å vere med på laget ved legesenteret i Sykkylven kommune.
Du får moglegheit til å velje mellom næringsdrift eller kommunal tilsetting for begge stillingane. Listelengden kan diskuteres etter legens behov og kapasitet.

Vi har to stillingar som er ledig fra snarast:
  • 100% spesialist i allmennmedisin
  • 100% ALIS (allmennlege i spesialisering) eller spesialist i andre fagfelt
Sykkylven legesenter er kommunalt drive, og har 8 legeheimlar og erfarent hjelpepersonell. Legevakt interkommunalt med Stranda kommune omfattar 3 faste tilsette legevaktslegar og sjukepleiarar ved legevakt på kveld og helg.

Legesenteret er sentrumsnært og held til i leigde lokale samlokalisert med fleire andre helsetenestar, og ligg like ved Omsorgssenteret og Heimetenestene. Legesenteret skal inn i nye og framtidsretta lokale innan 2 år. Det er nettopp utarbeidd ein ny plan for Legetenestene 2023-2030, og vi utviklar oss og legg vekt på å vere framtidsretta der vi arbeider meir i team.

Ta deg gjerne tid til å kontakte oss så kan du høyre litt meir om kva for moglegheit du som fastlege i Sykkylven har, og kvifor vi ønsker å ha deg med på laget.


Arbeidsoppgåver
  • Generelle allmennmedisinske oppgåver, slik det følger lov, forskrift og avtaleverk
  • Det kan vere aktuelt med offentleg allmennmedisinsk legearbeid med moglegheit for inntil 7,5 timar per veke
  • Tverrfagleg samarbeid mellom dei kommunale einingane
  • Moglegheit for arbeid i eldreomsorg og helsestasjon
  • Deltaking  i legevaktsordning. Det er lav vaktbelastning med arbeid kvar 10. helg
  • Oppgaver knyttet til veiledning, supervisjon og undervisning for ALIS

Kvalifikasjonar
  • Har norsk autorisasjon som lege
  • Spesialist i allmennmedisin ferdig eller påbegynt
  • Meistrar norsk munnleg og skriftleg  og har god framstillingsevne (Oppnådd B2 nivå)

Personlege eigenskapar
  • Du er god på kommunikasjon, samarbeid og skapar gode relasjonar til pasientar og kollegaer
  • Du har genuin interesse for mennesket og dets helse- og livssituasjon
  • Du har evne til utvikling og nytenking
  • Løsningsorientert og endringsvillig
  • Du er fleksibel
Personlig egnaheit vektleggas
Vi tilbyr
  • Godt arbeidsmiljø, engasjerte kollegaer
  • God kollegial støtte og samarbeid  
  • Sterk fagleg hjelpepersonell
  • Kollegial møter kvar veke med fagleg innhald og kvalitetsarbeid
  • Valfri bruk av e-konsultasjonar i ditt arbeid
  • Sykkylven kommune er registrert utdanningsverksemd
  • Næringsdrift med 0-avtale og inntening frå første dag
  • Låg vaktbelastning med arbeid kvar 10. helg
  • Økonomisk kompensasjon for inntil 10 dagar pr år om du er sjuk eller heime med sjukt barn
  • Lønn etter avtale
  • Beste natur, fjell og lokale aktivitetar
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Sykkylven kommune
Kontaktperson
Navn: Gulay Kar
Tittel: Einingsleiar Sykkylven legesenter
Telefon: 47728672
E-post: gulay.kar@sykkylven.kommune.no
Arbeidssted
Sykkylven legesenter
Haugneset 20
6230 SYKKYLVEN
Søk på stillingen