Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vi søkjer etter vaktkompetent barnelege, for 100% fast stilling med oppstart frå snarast, eller etter avtale! 

Kristiansund sjukehus er eit av fire sjukehus i Helse Møre og Romsdal. Avdeling for barnemedisin og habilitering omfattar barne- og ungdomsavdelingane og barnehabiliteringstjenesta i føretaket. Ved Kristiansund sjukehus er det sengepost, dagbehandling og poliklinikk for barn og ungdom i alderen 0-18år. Ein av barnelegane arbeider også i barnehabiliteringstjenesta.

Kristiansund sjukehus og Molde sjukehus vil bli slått saman til eit nytt fellessjukehus, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) med planlagt innflytting i  april 2025. Det nye akuttsjukehuset vert plassert på Hjelset i Molde kommune. Her vert det no planlagt for sengepost, dagbehandling og poliklinikk for barn og ungdom. Felles fødeavdeling med ca 900 fødslar/år. I Kristiansund vert det planlagt tilbod til barn og ungdom med poliklinikk og dagbehandling.

Den som vert tilsett må rekne med endring i fast arbeidsstad ved innflytting i SNR, med moglegheit å arbeide enkelte dagar i Kristiansund. Du vil møte ein spennande arbeidsplass, med mykje aktivitet knytt til framtidsplanar og utvikling. Du vil bli inkludert i eit godt arbeidsmiljø!

Du vil vere omgitt av flott natur med mange turmål til fjells og langs kysten. Vi kan og friste med eit rikt kulturliv!
Les meir om Kristiansund, Romsdal og Nordmøre her!

Høyrest dette fristande ut? Ta kontakt – Du er velkomen som søkjar!

Arbeidsoppgåver

  • Generell pediatri i sengepost og poliklinikk med vaktarbeid på sengepost

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon og norsk spesialistgodkjenning
  • God kunnskap i norsk/nordisk språk, skriftleg og muntleg

Personlege eigenskapar

  • Den rette kandidaten må ha gode evner til samarbeid og kommunikasjon
  • Vere sjølvstendig, fleksibel og ha evne til å kunne ta ansvar
  • Vere motivert for fagleg utvikling

Personlege egenskaper blir vektlagd ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Siv Helen Kristoffersen
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 71121558
E-post: Siv.Helen.Kristoffersen@helse-mr.no
Navn: Bente Askestad
Tittel: Seksjonsoverlege
Telefon: 71121590
E-post: Bente.Askestad@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Sengepost barn og ungdom Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei 1
6508 Kristiansund
Søk på stillingen