Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.

Kirurgiske legar Molde har behov for vikar for LIS1 i perioda f.o.m. veke 24 t.o.m. veke 32. 

Informasjon til søkjaren
Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikken sitt behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioda du kan arbeide. Ein må pårekne å arbeide anna kvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. 

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Kvalifikasjonar

  • Legeautorisasjon, cand. med. eller medisinstudent med lisens
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre
  • Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
  • Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn i henhold til gjeldande overeinskomst

For meir informasjon om vår region, sjå Visit Møre og Romsdal

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Per Bjørnar Solevåg
Tittel: Konst. seksjonsleiar
E-post: Per.Bjornar.Solevag@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Kirurgiske legar Molde - Helse Møre og Romsdal HF
Parkvegen 84
6412 Molde