Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.

Medisinske legar Molde har behov for vikar for LIS1 i perioda f.o.m. veke 25 t.o.m. veke 33.

Informasjon til søkjaren

Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikken sitne behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Ein må pårekne å arbeide anna kvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden.

  • Arbeid på sengepost 
  • Arbeidstid kl. 08.00 - 16.00 kvardagar
  • Ingen vakt eller helgearbeid
  • God opplæring, supervisjon og rettleiing

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Kvalifikasjonar

  • Legeautorisasjon, cand. med. eller medisinstudent med lisens
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
  • Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
  • Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn i henhold til gjeldande overeinskomst

For meir informasjon om  vår region, sjå Visit Møre og Romsdal

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Ida Camilla Monn Birkhaug
Tittel: Seksjonsleiar
E-post: Ida.Camilla.Monn.Birkhaug@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinske legar Molde - Helse Møre og Romsdal HF
Parkvegen 84
6412 Molde