Radiologisk avdeling Ålesund søkjer lege i spesialisering.
Vi har fleire kollegaer som er i gruppe 1-tjeneste, og har derfor ledig 2 x100 % fast stilling og 3 x 100 % vikariat for lege i spesialisering innan radiologi.
Det er gode høve til forlenging av vikariat. Snarleg tilsetting er ønskeleg, evt oppstart etter nærare avtale med seksonsleiar. Intervju vil bli gjort fortløpande.
Radiologisk avdeling ved Ålesund sjukehus har 20 legestillingar, der 8 LIS og 12 er overlegar, og med eit stadig aukande behov for fleire radiologar. Avdelinga har ein god kombinasjon av nye og erfarne overlegar, eit hyggeleg sosialt miljø og engasjerte kollegaer. Vi søker deg som liker faglege utfordringar, er lærevilleg og kan medverke positivt både fagleg og sosialt.
Ålesund sjukehus er det mest differensierte sjukehuset mellom Bergen og Trondheim, med vaktfunksjon innan dei fleste spesialitetane. Kreftavdelinga er den eineste i fylket. Barneavdelinga er den største i fylket og har og eigen nyføddintensiv. Ålesund sjukehus har helikopterbase og AMK har lokaler inne i sjukehuset. Hos oss får du dekka store deler av både 3a og 3b læringsmål innanfor spesialiteten radiologi. Som LIS i radiologi ved Ålesund Sjukehus får du ei brei og solid fagleg base i spesialiseringsforløpet!
I tillegg til diagnostikk og intervensjonr på CT, MR, UL og konvensjonell røntgen har vi eige brystdiagnostisk senter der det er samarbeid mellom radiologi og kirurgi. Vi har ein topp moderne angio-/intervensjonslab der det blir utført både generelle og avanserte intervensjoner (inkludert EVAR). I tillegg har avdelinga to legar og ein fysikar som driv aktivt med forsking, og det er gode høve for å søke forskningsmidlar frå helseforetaket.
Ålesund og området rundt er eit eldorado av fjell og sjø og kan nyttast til fritidsaktivitetar, sommar som vinter.
Sjøen ligg nært og byr på fine opplevingar både sentralt, og i områda rundt Ålesund. Byen kan også by på kulturelle opplevingar, og dei siste åra har vi hatt mange konsertar med store, internasjonale artistar. Flyplassen ligg sentralt, ca 25 min fra sjukehuset, med flere daglege avgangr til ulike destinasjonar, både i inn- og utland. Sjå meir her