Ønskjer du å bli vår nye kollega?
Vi søkjer deg som ønskjer å lære meir om barne- og ungdomspsykiatri og vere ein del av eit fagleg godt
fellesskap. Vi kan tilby spennande og meningsfulle arbeidsoppgåver i eit
triveleg arbeidsmiljø for deg som har lyst til å arbeide med barn og ungdom med
ulike psykiske lidelsar.
I avdelinga vår har vi ledig 100% fast stilling i poliklinikken i Ålesund frå
snarast og 100% vikariat som LIS-lege ved døgnseksjonen i Ålesund.
Vikariatet i døgnseksjonen er ledig frå 05.02.2024 til 31.08.2024, med høve for
fast ansettelse i poliklinikken i etterkant.
Avdeling Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund og ein døgnseksjon
med einingar i Molde og Ålesund. Poliklinikken i Ålesund og døgnseksjonen si
eining i Ålesund er samlokalisert.
Poliklinikken har eit breitt samansett og spennande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge og familiane deira.
Personalet ved poliklinikken er sett saman av fleire yrkesgrupper og er
organisert i tverrfaglege, geografisk organiserte team. I tillegg har vi eit
småbarnsteam og eit akutt-ambulant team. Vi kan vere fleksible i
forhold til kva team ein vel å arbeide i.
Døgnseksjonen, Akutt- og utgreiingseininga i Ålesund, har 10 sengeplassar fordelt på 8 plassar for øyeblikkeleg hjelp og 2 intermediære
plassar og er eit tilbod for heile Møre og Romsdal.
Vi tek imot pasientar med psykiske lidelsar, både til frivilleg innlegging og
til tvungen psykisk helsevern. Behandlinga blir individuelt tilrettelagt, der
kvar pasient sitt behov er i fokus gjennom miljøterapeutisk tilnærming og
individuell kontakt med behandlingsansvarleg (lege/psykolog). Teamarbeid er basisen i tilbodet på sengeposten. Ved sidan av ei tverrfagleg
samansett miljøterapeutgruppe, har vi 2 overlegestillingar, 1 stilling for
psykolog/psykologspesialist og 1 stilling for LIS. I arbeidet med observasjon,
utgreiing og behandling nyttar vi mellom anna miljøterapi, samtaleterapi,
foreldrearbeid, informasjon, rettleiing og samarbeidsmøter.
Ved poliklinikken tilbyr vi spesifikke behandlingstilbod for psykose (PEF), traumer (TF-CBT), spiseforstyrrelse (FBT), OCD- og angstbehandling innanfor 4-dagers formatet samt gruppebehandling (MBT-basert) for ungdom. Desse er knytta til ressursgrupper i avdelinga vår, der også tilsette i døgnseksjonen deltek.
Tilsetting vil kunne føre til godkjent og teljande teneste i spesialiteten barne- og ungdomspsykiatri. Avdelinga vil sikre alle delar av
utdanningsvilkåra.
Legen vil kunne delta i lokal og regional LIS-utdanning.
Arbeidsstad er i vakre Ålesund, med flott natur og eit rikt kulturliv. For meir informasjon om Ålesund og omland, sjå https://www.visitalesund.com/
Vi ber om at ev. attestar/tenestebevis frå tidlegare arbeidsforhold blir lasta opp som vedlegg til CV/søknad.