Barne- og ungdomsklinikken i Stavanger søker legar som ønsker å fordjupa seg i den aller beste spesialiteten, nemleg pediatri! Vi har eit ledig LIS2/3-vikariat, og det er god moglegheit for å få vikariatet forlenga. Er du allmennlege og treng sjukehusteneste, er dette perfekt.
Kven er vi?
Vi behandlar born i alle aldersgrupper - frå dei yngste premature og opp til 18-årsdagen. Avdelinga er inndelt i nyføddintensiv, sengepost for born og unge, og poliklinikk. For dei talinteresserte: Barnepopulasjonen er på ca 86.000 born, SUS har 4500 fødslar/år, BUK har ca 2500 innleggingar/år og poliklinikken har ca 18000 konsultasjonar/år. Vi har 42,5 legestillingar korav 14 LIS, og to av LIS-stillingane er 50% stipendiatstilling.
Vi underviser medisinstudentar, og mange av legane jobbar med forsking, dei viktigaste felta er lunge/allergi, nyføddmedisin, infeksjonsmedisin og endokrinologi.
Legane er fordelt i fleire i faggrupper med fagansvarlege overlegar i alle pediatriske fagfelt. Vi har utdanningsansvarleg overlege, eit CL-team med psykologar og eit tverrfagleg barnepalliativt team.
Kva tilbyr vi?
Avdelinga gjev moglegheit for fullt utdanningsløp i pediatri, og for deltaking i forskingsprosjekt. Hos oss møter du eit stort spenn av ulike tilstandar og diagnosar, og mange engasjerte kolleger å diskutera med. Du får faste fordjupingsdagar (6 dagar per 12 veker) og regelmessig friveke. Vaktsjiktet er 12-delt per d.d. Ikkje minst har vi eit svært triveleg og trygt arbeidsmiljø både blant LIS og heile legegruppa, med mange sosiale treff. Vår utdanningsansvarlege overlege engasjerer seg stort både i LIS-ane si utdanning og generelle velvære, og sørger for både veileder, fadder og grundig opplæring til nye LIS.
Stavanger er ein triveleg by med alt ein kan ønska seg av uteliv, kultur og shopping, og der er mange flotte friluftsområde i og like utanfor byen, anten ein likar seg på vatnet eller i fjellet.
Kven er du?
Du er grei og hyggeleg, du likar å læra og utvikla deg, og det er absolutt ein fordel om du er glad i born. Du likar å kommunisera med både store og små. Du likar ein jobb med utfordringar innanfor trygge rammer, og du har gjennomført LIS1-teneste. Du likar både sjølvstendig arbeid og teamarbeid. Og kanskje har du hatt ein barnelege i magen ei stund?
Praktiske forhold:
Det er ledig eit 6 månaders LIS-vikariat ved avdelinga med snarleg oppstart. Det er moglegheit for forlenging. Du må ha gjennomført LIS1 før oppstart.
Den som får tilbod om tilsetjing må legga fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a.
Ein bed om at det blir oppført om ein følger ny eller gammal utdanningsordning for legar. Dersom ein har teljande teneste frå før, er det ønskeleg at ein oppgjev kor lang tid ein har att til spesialitet.
Ta kontakt med avdelingsoverlege om du har spørsmål!
Attester, vitnemål og eventuell annen relevant dokumentasjon må vedleggast søknaden.
Mangfoldserklæring
Foretaksgruppa i Helse Vest ønsker å gjenspegla mangfoldet i befolkninga i vår rekruttering. Vi oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søka ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og flerkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Foretaksgruppa Helse Vest ønsker å legga til rette for ei inkluderande rekruttering.