Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Bli ein del av eit robust fagmiljø!
Som fastlege får du høve til å følgja pasientane dine over tid, du møter folk i alle aldrar, frå alle samfunnslag og i alle fasar av livet. Fastlegen er viktigare enn nokosinne i den kommunale helse og omsorgstenesta og for samhandlinga med alle deler av helsetenesta.
I Kvam har me ei velfungerande legeteneste som treng ein ny kollega med på laget.  
Me søkjer deg som er spesialist i allmennmedisin, eller lege med gjennomført LIS1 som ønskjer stilling som fastlege ved Norheimsund legesenter. 
Om Norheimsund legesenter:
  • Fem fastlegar der tre er spesialistar i allmennmedisin og to er ALIS stillingar med fastlønn, ein bioingeniør og to legesekretærar.
  • Godt fagmiljø, stabil drift og sentralt plassert i fine lokale i Norheimsund sentrum.
Interessert? 
Vil du bli betre kjend med oss og kommunen vår? Sjekk videoen HER 

Arbeidsoppgåver
Kurativt legearbeid i fastlegeordninga
Listeansvar kan tilpassast din progresjon i spesialistutdanninga og andre arbeidsoppgåver tilhøyrande stillinga. Dette vert avtalt nærmare ved tilsetting. 
Legekontora og legevakta nyttar Infodoc Plenario journalsystem, Norsk Helsenett, e-resept og elektronisk kommunikasjon med andre kommunale helse og omsorgstenester og spesialisthelsetenesta. Bruk av e-kontakt og timebestilling via digital dialog med fastlege på helsenorge.no. Det er lagt til rette for bruk av videokonsultasjon og oppkopling frå heimekontor mot EPJ.

Deltaking i legevakt
Fastlegane i Kvam deltek i kommunal legevaktsordning og i interkommunal legevakt på Voss etter oppsett plan. Arbeid på legevakt er fastlønna og med gode lønns- og arbeidsvilkår. Kvam legevakt disponerer to velutstyrte legevaktsbilar for legane.

Andre oppgåver er:
  • Rettleiing av studentar og legar i utdanningsstillingar,
  • Tverrfagleg arbeid i legekontoret og med andre tenester
  • Eventuelt andre allmennmedisinske oppgåver etter avtale med kommunen

Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege evnt. spesialist i allmennmedisin
  • Gjennomført turnus/LIS1-teneste 
  • Gode fagkunnskap og ferdigheiter (Det vert lagt vekt på fagleg engasjement innan allmennmedisin)
  • Legen må kunne ta del i interkommunal og kommunal legevakt
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B
  • Politiattest er krav ved tilsetting, men skal ikkje sendast ved søknaden

Personlege eigenskapar
Me søkjer deg som:
  • Er triveleg, engasjert, har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Brenn for allmennmedisinfaget og pasientane
  • Trivst med akuttmedisin og legevakt
  • Er løysningsorientert og pliktoppfyllande
  • Arbeider strukturert, effektivt og sjølvstendig med moglegheit for rettleiing og supervisjon (ALIS)
  • Er fleksibel, har ei positiv innstilling og kan møta og rettleia pasientar på ein god måte
  • Gode kommunikasjons- og formidlingsevner

Me tilbyr
Fastlege ved Norheimsund legesenter
Ein av dei næringsdrivande legane ønskjer å trappa ned då han nærmar seg pensjonsalder. Han har hatt allmennpraksis i Kvam herad i mange år, og har ein godt opparbeidd praksis med ei pasientliste for tida på 900 (truleg auke til 1100 frå januar). Det er aktuelt å dela denne lista i to lister (listelengd avtalast nærmare). Deleliste kan og vera aktuell løysing for dei som ønskjer det.  

Kommunen er godkjent som utdanningsverksemd og vil organisera spesialiseringsløp i allmennmedisin (ALIS) for søkjarar som ikkje allereie er spesialist. Me kan tilby næringsdrift eller fastlønnsavtale med insentivordning (20% av refusjonsinntekter og eigenandelar frå pasientar). Det er opning for næringsdrift utan at ny lege må betala for opparbeidd praksis ("goodwill").
Norheimsund  legesenter er per i dag i privat legesenter, men det er under utgreiing om kommunen skal overta drifta av senteret.

Fastlegevikariat
Ein av legane ved Norheimsund legesenter skal ha permisjon i perioden 01.03.2024 - 31.08.2024 og det er behov for ein fastlegevikar. Legen har ein godt opparbeida praksis med ei pasientliste på 700. I tillegg til fastlegepraksis har legen nokre kommunale oppgåver. Det kan vera aktuelt å forlenga vikariatet, men då  knytt til andre fastlegelister i kommunen

Kommunen er godkjent som utdanningsverksemd og vil organisera spesialiseringsløp i allmennmedisin (ALIS) for søkjarar som ikkje allereie er spesialist. Me kan tilby næringsdrift eller fastlønnsavtale med insentivordning (20% av refusjonsinntekter og eigenandelar frå pasientar).

Legar som ventar på LIS1 stilling er velkomne til å søkja vikariat hos oss. 

Me er opne for ulike driftsformer - ønskjer du fastlønn eller næringsdrift? Kommunen kan også tilby "8.2 avtale" eller fastlønn med insentivlønn.  

Nye fastlegar som ønskjer å driva etter næringsmodellen, slepp betala for opparbeidd praksis ("goodwill").
Kommunen vil organisera spesialiseringsløp i allmennmedisin for søkjarar som ikkje allereie er spesialistar. Legane vil få fastlønn under spesialiseringsløpet og kan om dei ønskjer, inngå avtale om næringsdrift ved fullført spesialisering. 

Tilsetjing skjer etter fastlegeforskrifta og sentrale avtalar mellom KS og Legeforeningen. Legepraksisen skal drivast i samsvar med Lov om kommunale helse- og omsorgstenester, fastlegeforskrifta og andre relevante styringsdokument. Fastlegen skal følgja dei vilkåra som går fram av sentrale avtalar i fastlegeordninga, føringar frå HELFO og lokale føringar av kommunen.

 
Ta gjerne kontakt med våre kontaktpersonar Reidun, Svein Ivar, Ragnar eller Martin som kan fortelja meir om korleis det er å jobba som fastlege i Kvam!

Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Kvam herad
Kontaktpersoner
Navn: Reidun Braut Kjosås
Tittel: Leiar for kommunehelse
Telefon: 917 37 515
E-post: reikju@kvam.kommune.no
Navn: Martin Erdal
Tittel: Fastlege og daglig leiar Norheimsund legesenter
Telefon: 900 25 625
E-post: martin.erdal@kvamnet.no
Navn: Ragnar Hansen
Tittel: Fastlege og tillitsvald DNLF
Telefon: 990 03 131
E-post: ragnar.hansen@kvamnet.no
Navn: Svein Ivar Fylkesnes
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 911 37 696
E-post: kommuneoverlegen@kvam.kommune.no
Arbeidssted
Sandvenvegen 35
5600 NORHEIMSUND