Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Har du lyst å jobbe i eit trygt miljø med erfarne og stabile kollegaer?

Stord kommune søker to fastlegar til ledige heimlar ved Landsbylegane AS i kommunesenteret Leirvik.

Ved Landsbylegane AS arbeider i alt fem fastlegar, tre i fastløna stillingar og to privat næringsdrivande. Kommunen lyser no ut to stillingar som fastlege på fast løn. Landsbylegane ønsker deg, anten du vil begynne eller ferdigstille ALIS-utdanninga di, eller om du alt er ferdig spesialist i allmennmedisin.

Landsbylegane AS er i lyse moderne lokaler i den nye <<Helseparken>> sentralt i Leirvik. I eit miljø med gode og erfarne kollegaer vil du oppleve ein meiningsfylt kvardag, fagleg utvikling og trivsel. Fastlegen går inn i eksisterande samarbeidsavtale mellom legane ved det aktuelle kontoret. Kommunen er godkjend utdanningsverksemd for ALIS.

Stord kommune tilbyr
  • Rettleiing og supervisjon frå røynde legar til ALIS.
  • Næringsdrivande ALIS-lege får dekka utgifter til vidare- og etterutdanning.
  • Gode permisjonsordningar for fastløna legar.
  • Deltaking i vaktordning i legesenteret på dagtid og i Sunnhordland interkommunale legevakt (SIL) kveld og helger (Sunnhordland interkommunale legevakt IKS - Stord kommune).
  • Legevakta er eit samarbeid mellom tre kommunar (Bømlo, Stord, Fitjar) med i alt 31000 innbyggjarar.
  • Legevakta er samlokalisert med interkommunal sengeavdeling (KAD) i nye moderne lokale vegg i vegg med Stord sjukehus og ambulanse.
  • Om lag 3 vakter/mnd. og høve til ekstravakter.
  • Eiga daglegevaktordning, vaktene rullerer mellom legesenter.
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege.
  • Gjennomført LIS1 i Noreg.
  • Refusjonsrett frå Helfo.
  • Spesialist i allmennmedisin, under spesialisering eller vil påbegynne denne.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Godt norsk språk og god kulturforståing.
Vilkår for fastlegeavtale elles går fram av gjeldande forskrift, retningsliner og tariffavtalar. Løns- og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk. Det må leggjast fram politiattest.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateken frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Stord kommune
Kontaktpersoner
Navn: Eva Biringer
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 457 24 976
E-post: eva.biringer@stord.kommune.no
Navn: Anne Karin Fossdal
Tittel: Kommunalsjef
Telefon: 907 62 789
E-post: anne.karin.fossdal@stord.kommune.no
Navn: Etai Bogen
Tittel: Etai Bogen
Telefon: 993 61 047
E-post: admin@landsbylegane.com
Arbeidssted
Lønningsåsen 1
5417 STORD
Søk på stillingen