Vi har ledig vikariat vår 2024 i 6 måneder for lege i spesialisering (LIS 2/3) innan fødselshjelp og kvinnesjukdom ved kirurgisk klinikk. Stillinga inngår i 8-delt tilstadevaktteneste. Mogleg forlenging. Anna vikariat kan bli ledig, skriv i søknaden om dette er av interesse. Ønskeleg med oppstart januar.
Den som blir tilsett vil få individuell utdanningsplan.
Seksjonen har 10 overlegestillingar og 8 LIS-stillingar. Avdelinga har 1300 fødslar årleg med fødande frå Haugesundsregionen, samt risikofødslar frå Stord og Odda. Avdelinga har høg kvalitet i både gynekologi og fødselshjelp. Fertilitetseininga ved Helse Fonna er mellom dei fremste i landet.
Mangfaldserklæring
Helse Vest HF ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Vest HF ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.