Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Det var det med jobben, fagleg inspirasjon på ein seksjon der "dørene står åpne" - og lukta av rykande fersk kaffe frå Moccamasteren på møterommet?

Du har fått høyre at du er nysgjerrig, analytisk og med eit godt fagleg skjøn? Bli med i "Gjengen i 5. etg." ved nevrologisk seksjon, Molde sjukehus, der vi no planlegg overgang frå 10-delt til12-delt sekundærvaktsystem.

Nevrologi har berøringsflater mot både indremedisin og geriatri, dei andre "hode-hals-faga", ryggkirurgi og psykiatri. Mange av sjukdommane i hjerna og nervesystemet treff ein regelmessig i allmennpraksis – som ALS, Parkinson, MS, infeksjonar og svulstar, hodepine, hjerneslag og epilepsi. Anamnestisk detektivarbeid og klinisk undersøking gir deg diagnosa som vert underbygd av funn ved spinalpunksjon, nevrografi, EMG, EEG og biletdiagnostikk.

Nevrologi er faget som er kjennetegna av stadig nye behandlingsmetodar, som du ser når du blar deg gjennom Tidsskriftet. Mellom anna er derfor slagbehandling organisert med eigen seksjonsoverlege i seksjonen.

Vi er den einaste vaktberande nevrologiske seksjonen i Møre og Romsdal, med eit opptaksområde på 270.000 innbyggjarar.

I Molde gir vi deg tilgang på både fjord, fjell og det urbane. 45 minutt med direktefly til både Oslo og Bergen frå flyplassen i byen. 

Sjukehuset ligg sentrumsnært, ingen pendling nødvendig. Eit moderne felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er innflyttingsklart på Hjelset ved Molde sommaren 2025, med bynær poliklinikksatellitt og tverrfagleg ryggpoliklinikk i eigne lokalar. 


Arbeidsoppgåver


  • Utgreiing og behandling av nevrologiske sjukdommar i sengepost og poliklinikk/ dagpost
  • Du vil også kunne få innsikt i faget klinisk nevrofysiologi - kanskje ditt vegvalg i fortsettinga?
  • Samarbeid med seksjonen sine fire kliniske nevropsykologar

    Kvalifikasjonar

    • God norskkunnskapar
    • Norsk autorisasjon som lege
    • Gjennomført turnustjeneste/LIS1

    Personlege eigenskapar

    • Systematisk, tydeleg og løysingsorientert
    • ALIS med interesse for nevrologi? Då er du velkomen til å søkje, ein ALIS i seksjonen til eikvar tid er ein fagleg styrke.

    Vi tilbyr

    • Individuelt tilpassa opplæringsperiode utan vakt.
    • Gode og gjennomarbeideda rullerende tjenesteplanar. Fordjupningsdag anna kvar veke.
    • En arbeidskvardag som tillet lunsjpauser og tid til å vere ajour.

    Er du vår nye kollega som vi ynskjer å ha med på laget, vi tilset fortløpande. Oppstart etter avtale. Gjerne før 1. mars.

    Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
    Stillingskategori
    Lege i spesialisering
    Arbeidsgiver
    Helse Møre og Romsdal HF
    Kontaktpersoner
    Navn: Rikke Bendixen
    Tittel: Ass. seksjonsleiar/LIS3
    Telefon: +4745851037
    E-post: Rikke.Bendixen@helse-mr.no
    Navn: Bernd Muller
    Tittel: Overlege nevrologi/seksjonsleiar
    Telefon: +4791328053
    E-post: bernd.muller@helse-mr.no
    Hjemmeside
    Arbeidssted
    Nevrologiske leger og klinisk nevrofysiologi SNR, Helse Møre og Romsdal HF
    Molde sjukehus
    6412 Molde