Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Statsforvaltaren er statens fremste representant i fylket og skal arbeide for at Stortinget og Regjeringa sine vedtak, mål og retningsliner blir følgde opp i Rogaland. Statsforvaltaren har som oppgåve å nemne opp medlemmar til Kontrollkommisjonen for psykisk helsevern.
 
Statsforvaltaren i Rogaland søkjer:
 
Medlemmar i Kontrollkommisjonen
Det er fire kontrollkommisjonar. Vi søkjer lege for oppnemning til Kontrollkommisjonen for psykisk helsevern i Sør Rogaland frå 01.01.2024.
 
Hovudoppgåva til kontrollkommisjonen er å sikre rettstryggleiken til pasientane i møtet med det psykiske helsevernet. Kommisjonen fører kontroll med tvangsvedtak, informerer pasientane om klagerett og fører velferdskontroll. Kommisjonen har fast møte kvar veke eller kvar 14. dag avhengig av kommisjon. Heile arbeidsdagen går med.
 
Krav til kvalifikasjon for legekyndig medlem/vara legekyndig medlem:
Kontrollkommisjonen skal ha ein medlem som er lege. Medlemmen bør ha spesialitet i allmennmedisin, og det vil vere ein fordel med lang praksis som allmennlege. Det vil vidare vere ein fordel med erfaring frå kommunehelsetenesta, eksempelvis som fastlege. Ei brei samfunnsmedisinsk orientering vil også vere verdifull.
 
Du må ha interesse for psykisk helsearbeid eller psykisk helsevern og for tida ikkje arbeide i det psykiske helsevernet.
 
Meir informasjon finner du på vår nettside:
https://www.statsforvalteren.no/nn/Rogaland/Helse-omsorg-og-sosialtenester/Psykisk-helse-og-rus/kan-du-tenke-deg-a-bli-medlem-i-kontrollkommisjonen-for-psykisk-helsevern-i-rogaland/
 
 
Søknad/CV sendes postmottaket til Statsforvaltaren: sfropost@statsforvalteren.no
Søknadsfrist: 30. november 2023.
 
Nærare opplyningar kan du få av ass. avdelingsdirektør Rigmor Kvia de Waard, tlf. 51 56 87 94, mobil 922 90 084 eller Kristine Norland, tlf 51 56 87 59.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Andre legestillinger
Arbeidsgiver
Statsforvalteren i Rogaland
Kontaktpersoner
Navn: Rigmor Kvia de Waard
Tittel: Ass. avdelingsdirektør
Telefon: 51 56 87 94 / 922 90 084
Navn: Kristine Norlan
Telefon: 51 56 87 59
Arbeidssted
Lagårdsveien 44
4010 STAVANGER