Vi søkjer to nye entusiastiske legar som ønsker å bli barne- og ungdomspsykiater og vil vere med å utvikle og forme barne- og ungdomspsykiatrien i Helse Fonna.
Vi har no ledig to faste LIS3 stillingar med ønskje om snarleg tiltredning. Venter du på LIS1 plass kan du og søkje,
Søkjaren til LIS3 stillinga skal ha gjennomført LIS1.
Vi har eit fint og trygt legemiljø ved BUP. For tida er vi 8 overlegar, 5 LIS3 og ein som ventar på LIS1. I tillegg har vi 3 overlegar på pensjonistavtale.
BUP Haugesund gir tenester på spesialistnivå til barn og unge (0-18 år). Opptaksområdet for poliklinikken dekkjer 10 kommunar (Karmøy, Haugesund, Utsira, Sveio, Tysvær, Bokn, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal). Vi har to poliklinikkar og sengepost. BUP Haugesund har akuttfunksjon og vaktteneste døgnet rundt med for- og bakvaktslegar.
BUP Haugesund er godkjent som utdanningsinstitusjon innan barne- og ungdomspsykiatri og har avtale med både vaksenpsykiatri og pediatri, slik at ein kan gjennomføre heile utdanningsløpet i Haugesund.
Vi er opptatt av barn og unges helseteneste. Sjå film om prosjektet og bli litt betre kjent med oss: https://youtu.be/FKTrqoZHBxM
Haugesund er ein mellomstor norsk by med ca 40 000 innbyggjarar. Nærregionen har rundt 180.000 innbygjarar. Haugesund ligger på vestkysten av Norge, mellom Bergen som er Norges nest største by og Stavanger. Byen har alle fasiliteter, bl.a. internasjonal lufthavn, cruisehavn og et aktivt kulturliv bl.a. fleire store årlige kulturfestivalar inkl. internasjonal filmfestival og jazzfestival. Regionen har variert natur med sandstrender, nærhet til turområder i fjellet og tilgang til fiskemuligheter i sjø. BUP Haugesund ligg sentralt plassert i Haugesund.
Sjå film om Haugesund og vår region: https://www.visitnorway.com/places-to-go/fjord-norway/haugesund-haugalandet/?lang=uk
Mangfaldserklæring
Helse Fonna HF ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna HF ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.