Kort om arbeidsgiver
Helse Førde HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider aktivt med pasienttryggleik, brukarmedverknad og leiarutvikling. Vi har sjukehus og psykiatriske institusjonar lokalisert i seks kommunar samt driftar ambulansetenesta. Talet på tilsette er om lag 3000 medan budsjettet er på 2,9 milliardar kroner. Helse Førde er organisert i fire klinikkar med føretaksadministrasjon lokalisert i Førde. Helse Førde er eigd av Helse Vest RHF.
Førde BUP har ledig fast stilling som overlege/LIS3 frå snarast.
Avdeling for psykisk helsevern for barn og unge er delt i fire seksjonar, ein sengepost og tre poliklinikkar. Ved seksjon Førde BUP, er det ledig fast stilling for overlege / lege i spesialisering (LIS 3).
Førde BUP er lokalisert i Dagabygget, og er ein del av eit stort fagmiljø innan psykisk helsevern.
Førde BUP dekker ei barnebefolkning på om lag 12 200 fordelt på 8 kommunar. Vi har spesialistar i alle profesjonar og dei fleste fagstillingar, mange med lang fartstid og erfaring innan feltet. Vi held eit godt fagleg nivå og har oppdatert kunnskap og behandlingskompetanse.
LIS3 vil få tilrettelagt heile utdanningsløpet med arbeidsstad i Førde.
Arbeidsoppgåver
- Utgreie, diagnostisere og behandle psykiske lidingar hos barn og unge
- Samarbeide med førstelinja og andre i spesialisthelsetenesta om eit heilskapleg helsetilbod
- Deltaking i interne og eksterne møter, undervisning, fagutvikling, rettleiing og anna organisatorisk arbeid
- LIS inngår i for tida 7-delt vaktordning i Psykisk helsevern, overlege i 5-delt bakvaktordning for Psykisk helsevern for barn og unge
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege, med fullført turnusteneste
- God fagleg vurderingevne
- God norsk framstillingsevne både skriftleg og munnleg
- Erfaring med arbeid i barne- og ungdomspsykiatri vert vektlagt
Personlege eigenskapar
- Gode evner til å møte barn, unge og foreldre slik at dei opplever seg sett og forstått
- Gode evner til å samarbeide med andre på ein likeverdig og respektfull måte
- Fagleg interesse og tydeleg engasjement, med ønskje om å vere med og utvikle behandlingstilbodet vidare
- Gode evner til å arbeide strukturert og målretta, og har høg arbeidskapasitet
- Trivast i eit aktivt miljø og tverrfagleg team
Vi tilbyr
- Tilrettelagt spesialiseringsløp
- Heile spesialiseringa til barne-og ungdomspsykiater kan gjennomførast i Helse Førde
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst, og tillegg for LIS3 i spesialisering til barne og ungdomspsykiater
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit godt og ivaretakande arbeidsmiljø
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Det vert lagt til rette for fagleg og personleg utvikling
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.