Nevrologisk avdeling i Molde søkjer vikar for LIS for sommaren 2024.
Nevrologi har fagleg bredde og berøringsflate mot både indremedisin og geriatri, dei andre "hode-hals-faga", ryggkirurgi og psykiatri. Mange av sykdomane i hjernen og nervesystemet møter ein på regelmessig i allmennpraksis – som ALS, Parkinson, MS, infeksjonar og svulstar, hovudverk, hjerneslag og epilepsi. Anamnestisk detektivarbeid og klinisk undersøking gir deg diagnosen som blir underbygd av funn ved spinalpunksjon, nevrografi, EMG, EEG og bildediagnostikk.
Ved vår avdeling jobber ca 25 legar. Sengeposten har 18 senger inkludert slagavdelinga. Vi har fylkesdekkjande funksjon som nevrologisk avdeling i Møre og Romsdal, med eit opptaksområde på 270 000 innbyggjarar.
Vi ønskjer LIS-vikarar som kan jobbe i perioden veke 26-33 sommaren 2024. Det vert ved oppstart felles introduksjonsdagar med opplæring i journalsystemer og avdelinga sine rutiner. I utgangspunktet vert det lagt opp til arbeidstid på dagtid med sjølvstendig postarbeid under supervisjon, mottak av planlagte innleggingar og «halvaugeblikkeleg hjelp», samt bistand for vakthavande. Etter eignaheit og interesse kan det verte aktuelt med noko sjølvstendig vaktarbeid på dagtid og kveld/natt/helg. Medisinstudentar med lisens er velkomen til å søkje.
I Molde får du tilgang på både fjord, fjell og det urbane. 45 minutter med direktefly til og frå både Oslo og Bergen, flyplassen ligg tilnærma i byen. Sjukehuset ligger nært sentrum, ingen pendling er nødvendig. Vi kan vere behjelpeleg med å kome i kontakt med aktuelle utleigarar dersom du har behov for bolig.
Send ein kort søknad med relevant CV og minst éin referanseperson. Tilsetjing vil skje fortløpande. Vi ser frem til å høyre frå deg!
For meir informasjon om vår region, sjå Visit Møre og Romsdal